Spesialisert, tverrfagleg rehabilitering.
Frå 2008 har senteret også hatt avtale med
NAV om
arbeidsretta rehabilitering (ARR)
som ledd i prosjektet "Raskere tilbake", og frå inneverande år eit metodeutviklingsprosjekt på arbeidsretta rehabilitering for overvektige (ARRO).
Andre viktige målgrupper er lungesjukdomar og muskel-skjelettlidingar.
Fagpersonell ved institusjonen er legespesialistar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, idrettspedagogar, attføringskonsulent , logoped og institusjonkokkar. Vi gjev opptrenings- og rehabiliteringstilbod til eit vidt spekter av pasientgrupper som er nærare omtala under tilbod.
Muritunet er lokalisert i Valldal i Norddal kommune på turistvegen mellom Trollstigen og Geiranger. Området har eit aktivt og allsidig kulturliv. Valldal og området rundt er kjend for rikt høve til friluftsaktivitetar på sjø og land, både sommar og vinter.
For øvrig ligg institusjonen ein times køyring frå Ålesund, der ein mellom anna har