"Gå til mauren og bli vis!" (Ordtak)

Arbeidsretta rehabilitering - MOA

MUSKEL -OG SKJELETTLIDINGAR

Tilbodet er retta mot

-alle diagnosar lista opp under ICPC-2 gruppa Muskel- og skjelettlidingar Aldersgruppe: 18-67 år. Tilbodet er og retta mot pasientar med allmenne og uspesifiserte symptom og plager jfr. bokstav A i ICPC-2 og andre plagsame somatiske symptom der psykologiske og sosiale mekanismar synes å være sentrale i å oppretthalde lidinga.

Formålet med tilbodet er å bidra til meistring av helsetilstanden og styrke pasienten si arbeidsevne. Fokus på samansette problemstillingar som er knytt til manglande arbeidsdeltaking, samt handtering av utfordringar/problem knytt til krav i arbeidslivet, sosiale relasjonar på jobb, manglande tru på eigne evner, manglande meistring og behov for samhandling mellom helsesektor, NAV og arbeidsgivar

PSYKISKE LIDINGAR

Tilbodet er retta mot

-følgande diagnosar: P01 Følelse angst/nervøs/anspent, P02 Psykisk ubalanse situasjonsbetinget, P03 Depresjonsfølelse, P74 Angstlidelse, P76 Depressiv lidelse og P78 Nevrasteni. Aldersgruppe: 18-67 år.  Tilbodet er og retta mot pasientar med allmenne og uspesifiserte symptom og plagar jf. bokstav A i ICPC-2 og andre plagsame somatiske symptom der psykologiske og sosiale mekanismar synes å være sentrale i å oppretthalde lidinga.

Formålet med tilbodet er å bidra til meistring av helsetilstanden og styrke pasienten si arbeidsevne. Fokus på samansette problemstillingar som er knytt til manglande arbeidsdeltaking, samt handtering av utfordringar/problem knytt til krav i arbeidslivet, sosiale relasjonar på jobb, manglande tru på eigne evner, manglande meistring og behov for samhandling mellom helsesektor, NAV og arbeidsgivar.


Søknad

Kommunelegar/fastlegar og legar ved sjukehusavdelingar kan søke.

Ved spørsmål ta kontakt med inntakskontoret tlf. 70 25 84 00

Celsius