Arbeidsretta rehabilitering - MOA

 

Nytt tilbod frå 1.1. 2018 både som dagopphald/poliklinikk på MOA, eller døgnopphald i Valldal.

MUSKEL -OG SKJELETTLIDINGAR

Tilbodet er og retta mot alle diagnosar lista opp under ICPC-2 gruppa Muskel- og skjelettlidingar, med allmenne og uspesifiserte symptom og plager jfr. bokstav A i ICPC-2 og andre plagsame somatiske symptom der psykologiske og sosiale mekanismar synes å være sentrale i å oppretthalde lidinga. Aldersgruppe: 18-67 år.

Formålet med tilbodet er å bidra til meistring av helsetilstanden og styrke pasienten si arbeidsevne. Fokus på samansette problemstillingar som er knytt til manglande arbeidsdeltaking, samt handtering av utfordringar/problem knytt til krav i arbeidslivet, sosiale relasjonar på jobb, manglande tru på eigne evner, manglande meistring og behov for samhandling mellom helsesektor, NAV og arbeidsgivar

PSYKISKE LIDINGAR
Tilbodet er retta mot følgande diagnosar: P01 Følelse angst/nervøs/anspent, P02 Psykisk ubalanse situasjonsbetinget, P03 Depresjonsfølelse, P74 Angstlidelse, P76 Depressiv lidelse og P78 Nevrasteni. Aldersgruppe: 18-67 år.  Tilbodet er og retta mot pasientar med allmenne og uspesifiserte symptom og plagar jf. bokstav A i ICPC-2 og andre plagsame somatiske symptom der psykologiske og sosiale mekanismar synes å være sentrale i å oppretthalde lidinga.

Formålet med tilbodet er å bidra til meistring av helsetilstanden og styrke pasienten si arbeidsevne. Fokus på samansette problemstillingar som er knytt til manglande arbeidsdeltaking, samt handtering av utfordringar/problem knytt til krav i arbeidslivet, sosiale relasjonar på jobb, manglande tru på eigne evner, manglande meistring og behov for samhandling mellom helsesektor, NAV og arbeidsgivar.

Last opp infoside her.

Søknad
Kommunelegar/fastlegar og legar ved sjukehusavdelingar kan søke.  Henvisning vert å sende direkte til Muritunet, og inntaksteamet tek ei rettigheitsvurdering av denne. Ved søknad om arbeidsretta rehabilitering eller behandling er det viktig at informasjon om arbeids- eller studiestatus er med. Ved spørsmål ta ev. kontakt med inntakskontoret tlf. 70 25 84 00.

Celsius