"Den finaste dagen er den som lar vær å bestemme men løfte meg opp og gir fart. Då sveve eg høgt eg kan se og glømme og velge meg kvitt framfor svart." (Vamp)

Lunge/KOLS - MOA

Tilbodet er retta mot

-vaksne pasientar med kronisk obstruktiv og/eller restriktive lungesjukdom inkludert KOLS, GOLD grad I – III i stabil fase og ASTMA. Kurset vil gå over 7-11 veker alt etter individuelt behov. Geografisk nedslagsfelt vil vere i og nær Ålesund kommune.

Formålet med tilbodet

-vil vere å auke kunnskap om lungesjukdom og betre livskvalitet gjennom bevisstgjering og meistring kring eigen lungesjukdom fysisk, psykisk og sosialt. Yrkesdeltaking vil stå sentralt der dette er aktuelt. Generelt ønskjer ein å førebyggje sjukehusinnlegging for denne pasientgruppa.

Søknad

Kommunelegar/fastlegar og legar ved sjukehusavdelingar kan søke.

Ved spørsmål ta kontakt med inntakskontoret tlf. 70 25 84 00

Celsius