Muritunet held fokus på livsstilsrelaterte sjukdomar.
Her er våre samarbeidsavtalar:
1) ”RASKARE TILBAKE 2010” – EIT FOU PROSJEKT,
Støtta av Helse Midt-Norge.
(April 2010)
Bruk av psykomotoriske prinsipp og endringspsykologi i arbeidsretta rehabilitering av personar med samansette psykosomatiske lidingar
Målgruppe
Tiltaket er retta spesielt mot personar med samansette lidingar, herunder psykosomatiske lidingar, muskel/skjelettplager med lettare grad av angst/depresjon og smertetilstander utan objektive funn.
Tilleggskriterier
Personar som er sjukmelde, herunder langtidssjukmelde, og mottek sjukepengar.
Personar som gjennom tiltaket kan unngå å bli sjukmelde.
2) "ARRO" - AVTALE MED NAV
(22. mars 2010)
Overvektige i fylket får no tilbod om eit opplegg over 12 månader der målet er å halde fram eller skaffe seg jobb; Arbeidsretta rehabilitering for overvektige (ARRO)
Kva: Overvektige (BMI mellom 30 og 40) får tilbod om hjelp til å endre livsstil for å halde fram i arbeidet sitt eller kome i jobb.
Gjeld ikkje: Overvektige med BMI>35 og alvorlege følgetilstandar, rus- eller
alvorlege psykiske problem.
Kor mange: Vi kan ta inn 15 nye kvar månad, dei første frå 1.mai.
Kapasiteten er ca 600 personar dei neste fire åra, frå Møre & Romsdal eller(om få søkjarar)tilgrensande fylke eks. nord i Sogn & Fjordane eller sør i Trøndelag.
Opplegget: Først 4 veker på Muritunet, så 11 månader i bedrift i brukaren si heimkommune,
der den enkelte vert å følge opp individuelt.
Korleis få plass: Både den overvektige sjølv, legen og NAV kan ta initiativ til å få plass.
Legen og NAV avjer saman.
Samarbeidspartar: NAV Møre og Romsdal, Muritunet, Høgskolen i Ålesund, Attføringsbedriftene Brisk i Ålesund, Furene i Volda, Troll-Tinn i Åndalsnes
og St.Olavs Hospital HF.
3) "ARR" - AVTALE MED NAV
(nov-2009)
Sist haust fekk vi avtale med NAV om arbeidsretta
rehabilitering på 14 døgnplassar, og innskriving gjennom NAV systemet.
Dette er eit tverrfagleg rehabiliteringstilbod godt forankra i fagleg nettverket rundt
Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering på Rauland.
4) AVTALE MED HELSE MIDT-NORGE
(21.nov-2009)
Muritunet har etter anbodskonkurranse gledeleg fått avtale for 44 døgnplassar i ein 4-års periode. Etter denne avtalen skal Muritunet bli meir spesialisert og konsentrere rehabiliteringa om færre målgrupper/funksjonsgrupper enn tidlegare.
Plassane frå 1.1.2010 vart fordelt på 3 hovudområder:
- ortopedi, dvs lidingar i muskel,skjelett og bindevev(bevegelsesapparatet)
- lungesjukdomar/KOLS
- overvekt