Vårt rehabiliteringstilbod

Det faglege tilbodet ved institusjonen er regulert gjennom ytelsesavtale med Helse Midt-Norge RHF. Avtalane er tilpassa oppdragsgivar sine behov, etter Lov om spesialisthelseteneste og anna relevant helselovgiving.

Muritunet gir frå 1.1. 2018 tilbod til desse pasientgruppene:

  • Livsstilskurs sjukeleg overvekt (vaksne 18-60 år, og ungdom 13-18 år)
  • Fedmeopererte 
  • Kreftrehabilitering
  • Sekundær lymfødem
  • Hjertesjukdomar
  • Lungesjukdomar/KOLS
  • Kronisk muskel- og blautdelssmerte
  • Brudd og slitasjesjukdom/ortopedi
  • Langvarige bekkenleddsplager
  • Komplekse rehabiliteringsbehov, inkl. primær lymfødem
  • Arbeidsretta rehabilitering, (muskel- og skjelettplager og vanlege psykiske lidingar; angst og depresjon)

Dei ulike tilboda er nærmare omtala i "Døgntilbod, VALLDAL",  

og "Dagtilbod, MOA".

Helsefagleg personell er organisert inn i tverrfaglege rehabiliteringsteam og i sjukepleieavdeling med døgndrift.  Tverrfaglege team består av lege, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar, arbeidskonsulent, idrettspedagog, psykolog, dietist/bachelor ernæring.

Lenke til søknad via ReHR.

Årskalender for alle tilbod

Celsius