"Gå til mauren og bli vis!" (Ordtak)

ARR - Arbeidsretta rehabilitering

Nytt tilbod frå 1.1. 2018 både som dagopphald/poliklinikk på MOA, eller døgnopphald i Valldal. 

Tilbodet er retta mot

-pasientar som har behov for arbeidsretta rehabilitering ved muskel- og skjelettplager og vanlege psykiske lidingar; angst og depresjon.

Last opp infoark her.

Muskel-skjelettplager: Gjeld alle diagnosar lista opp under ICPC-2 gruppa Muskel- og skjelettlidingar. Aldersgruppe: 18-67 år. Tilbodet er også retta mot pasientar med allmenne og uspesifiserte symptom og plager jfr. bokstav A i ICPC-2 og andre plagsame somatiske symptom der psykologiske og sosiale mekanismar synes å være sentrale i å oppretthalde lidinga.

Psykiske lidingar med følgande diagnoser: P01 Følelse angst/nervøs/anspent, P02 Psykisk ubalanse situasjonsbetinget, P03 Depresjonsfølelse, P74 Angstlidelse, P76 Depressiv lidelse og P78 Nevrasteni. Aldersgruppe: 18-67 år.  Tilbodet er og retta mot pasientar med allmenne og uspesifiserte symptom og plagar jf. bokstav A i ICPC-2 og andre plagsame somatiske symptom der psykologiske og sosiale mekanismar synes å være sentrale i å oppretthalde lidinga.

Formålet med tilbodet

-er å bidra til mestring av helsetilstanden og styrke pasienten si arbeidsevne. Fokus på samansette problemstillingar som er knytt til manglande arbeidsdeltaking, samt handtering av utfordringar/problem knytt til krav i arbeidslivet, sosiale relasjonar på jobb, manglande tru på eigne evner, manglande meisting og behov for samhandling mellom helsesektor, NAV og arbeidsgjevar.

Søknad via ReHr.

Arbeidsretta rehabilitering

Ons. 17.01.18- 14.02.18

Arbeidsretta rehabilitering

Ons. 14.02.18- 14.03.18

Arbeidsretta rehabilitering

Ons. 14.03.18- 18.04.18

Arbeidsretta rehabilitering

Ons. 18.04.18- 23.05.18

Arbeidsretta rehabilitering

Ons. 23.05.18- 20.06.18
Celsius