"Eg merka våren i dag. Osane blenkte kring landet. Millom ljoslegga bjørker Var furua byrja å ande." (Olav H. Hauge)

Brudd og slitasje /ortopedi

Tilbodet er retta mot

-rehabilitering etter bruddbehandling og andre skadar i muskel- og skjelettsystemet, artrosar, hofte og kneproteser, komplisert osteoporose og bekkenløysing.  Individuelt tilbod til pasientar som er ortopediske; konservativ og postoperativt behandla.

Aktuelle er pasientar med komplekst rehabiliteringsbehov og behov for tverrfagleg tilnærming, kompliserande bidiagnosar, pasientar med revisjonsprotesar og dei med akutte hendingar i forkant av ortopedisk kirurgi, til dømes multitraume, utan hovudskade og/eller tverrsnittslesjon. Barthel ADL-indeks ned mot 6 i avgrensa antal i planlagt forløp. Pasienten blir henvist direkte frå sjukehus eller frå primærhelsetenesta.

Formålet med tilbodet

-Eit intensivt tverrfagleg rehabiliteringstilbod der målet er betra helsetilstand og auka eigenmeistring fysisk, psykisk og sosialt. Sentralt er auka mobilitet og funksjonsnivå, reduksjon av usikkerheit og opplevd smerte og tilrettelegging knytt til hjelpemiddel og behov i heimen. Tilbakeføring til utdanning eller arbeid er viktige mål der dette er aktuelt.  

Søknad

Kommunelegar/fastlegar og legar ved sjukehusavdelingar kan søke.

Ved spørsmål ta kontakt med inntakskontoret tlf. 70 25 84 00

Celsius