Kreft

 

Målgruppe
Vaksne som gjennomgår eller har avslutta kreftbehandling og som opplever seineffektar som trøyttleik/ fatigue, angst, depresjon samt utfordringar i forhold til ernæring.

Tilbodet vert òg retta mot palliative pasientar. Der er inga avgrensning i forhold til kreftdiagnose.

Last opp infoside her.

Organisering
Tilbodet er døgnbasert og går over 3 veker. Ein vert følgt opp av eit tverrfagleg team beståande av lege, fysioterapeut, sjukepleiar, kreftsjukepleiar, dietist, idrettspedagog og ergoterapeut. Oppfølging frå arbeidskonsulent og psykolog ved behov.

Mål
Målet er bevisstgjering, auka kunnskap og kjensle av meistring kring eigen situasjon fysisk, psykisk og sosialt.

Ein vil få testa kapasitet, utforske ressursar og grenser i trygge omgjevnadar.
Der det er aktuelt vil ein òg ha fokus på tilbakeføring til eller å oppretthalde arbeid/utdanning.

Sambuar/ ektefelle/ andre
Er velkomen til å ta kontakt med teamet for samtale saman med pasient ved behov.

Søknad
Dersom det er aktuelt med lymfødembehandling som eit ledd i rehabiliteringsforløpet skal vurdering frå onkolog/brystkirurg eller fysioterapeut følgje søknaden.

Spesialisthelsetenesta kan søkje direkte til Muritunet. Fastlege eller avtalespesialist kan søkje på standardisert søknadsskjema via

ReHR, Henvisningsmottak Midt-Norge, Sykehuset Levanger, Kirkegata 2, 7600 Levanger

Kontaktpersonar
Ved ønske om ytterlegare informasjon vedrørande opphaldet kan ein kontakte teamleiar Sara Grønningsæter tlf 70 25 83 63
eller inntakskontoret på Muritunet på tlf 70 25 84 00.

Kreft

Ons. 05.09.18- 26.09.18

Kreft

Ons. 10.10.18- 31.10.18

Kreft

Ons. 31.10.18- 21.11.18

Kreft

Ons. 21.11.18- 12.12.18
Celsius