Muritunet tilbyr komplett fysikalsk lymfødembehandling for personar med både primær og sekundære lymfødem.

Lymfeødem

Målgruppe

1. Pasientar med primær lymfødem  som del av eit kompleks sjukdomsbilete og med behov for spesialisert rehabilitering

2. Sekundære lymfeødem som er forårsaka av ein eller annan sjukdom, tilstand eller kirurgisk inngrep på lymfeknutar eller lymfeårar.  Det ser ein hyppigast ved operasjon for kreft, særlig brystkreft og livmorhalskreft.  Strålebehandling, som ein del av kreftbehandlinga, skadar også lymfesystemet. Det er mange andre årsakar til sekundært lymfødem; andre kreftformer, kirurgiske inngrep i lyske eller armhole, betennelse i lymfeknutar, og visse tropiske sjukdomar (filariasis).

Behandling
Dette omfattar manuell lymfedrenasje, kompresjonsbehandling (bandasjering/ strømpetilpasning), samt øvingar.

Søknad
Kommuneleger/fastleger og leger ved sjukehusavdelinger kan søke.

Meir om søknad finn du her.

Ved spørsmål ta ev. kontakt med Inntakskontoret tlf. 70 25 84 00

Celsius