Sjukleg overvekt born/ungdom mellom 13 og 18 år.

 

Tilbodet går over 5 veker fordelt på eitt år (2 + 2 + 1 veke).

Målgruppe

  • Ungdom med overvekt som disponerer for fysiske og psykiske helseplager.
  • Aldersgruppe mellom 13 - 18 år.

Last opp infoside her.

Føremål
Deltakarane skal oppnå ei varig livsstilsendring gjennom å lære meistringsstrategiar knytt opp mot endring av vaner, fysisk aktivitet og kosthald. Målet er auka sosial og aktiv deltaking, reduksjon av følgjetilstandar grunna fedme, samt betre fysisk og psykisk helse. 

Auka bevisstgjering til dei føresette og korleis dei kan bidra i livsstilsendringa til ungdomen.

Innhald

  • Tilpassa funksjonstrening.
  • Vekeplan med tidspunkt for ulike aktivitetar i gymsal, bassenget eller ute i naturen.
  • Informasjon og rettleiing til utvikling av konstruktive meistringsstrategiar.
  • Ved gruppeopphald blir det lagt til rette for likemannsarbeid.
  • Undervisning om kosthald, fysisk aktivitet og endringsprosessar
  • Erfaringsutveksling.
  • Dialoggruppe leia av vårt fagpersonale.

Deltakarane vil og bli følgt opp av fagpersonar ved Muritunet mellom opphalda,
samt av lokal helseteneste og Barne-og ungdomspoliklinikk ved Ålesund sjukehus eller St.Olavs hospital.

Søknad
Dette er eit tilbod for pasientar som har vore til utgreiing ved barne-og ungdomsavdelingar ved sjukehus.  Avdelingane sender søknad direkte til Muritunet, Grandegata 58, 6210 Valldal.
Eventuelle spørsmål kan rettast til Inntakskontoret på Muritunet, tlf 70 25 84 00, eller Teamleiar Karianne Dahl, 70 25 83 90

Sjukleg overvekt - reopphald - barn/ungdom

Ons. 14.02.18- 28.02.18

Oppfølgingsopphald for barn/ungdom som har gjennomført hovedopphaldet tidlegare.

Sjukleg overvekt - reopphald - barn/ungdom

Ons. 01.08.18- 08.08.18

Oppfølgingsopphald for barn/ungdom som har gjennomført hovedopphaldet tidlegare.

Sjukleg overvekt - hovedopphald - barn/ungdom

Ons. 01.08.18- 15.08.18

Hovedopphald for barn/ungdom mellom 13 - 18 år etter henvisning frå barneavdelingar ved sjukehus.

Celsius