Generelt om søknad og henvisningsrutiner

 

Muritunet er regulert etter lov om spesialisthelseteneste, arbeider etter avtale med Helse Midt Norge, og har eige inntaksteam som møter 1-2 gonger pr. veke. Det vert gjort skriftleg tilbakemelding.

Henvisninger til ReHR - felles henvisningsmottak
Søknad frå fastlege eller avtalespesialistar for innbyggarar busett i Midt-Norge skal via ReHR.  Dette gjeld sjølv om ønska rehabiliteringsinstitusjon ligg i ein annan helseregion. Send henvisning elektronisk på same måte som når ein opprettar og sender ei elektronisk henvisning til andre tenester ved helseføretaket. Søk på NHN adresseregister, benytt frisøk, eller finn ReHR som en tjeneste publisert under Helse Nord-Trøndelag HF, sykehuset Levanger.

Søknad frå poliklinikker i helseforetaket skal gå til ReHR for rettigheitsvurdering, dersom pasienten ikkje er i eit forløp der rehabilitering kjem som eit naturleg følge. Poliklinisk notat vert nytta og sendast elektronisk til postkassa «Henvisninger og søknader ReHR».

NB!  Søknad frå andre helseregionar, sender ein  til eigen region sitt henvisningsmottak

Henvisning direkte til Muritunet
Søknad frå sjukehusavdelingar i regionen; St. Olavs og Helse Møre og Romsdal sendast direkte til Muritunet.

Søknad om poliklinikk, dag eller døgnopphald for Arbeidsretta rehabilitering-ARR, sendast også direkte til Muritunet.  Viktig at informasjon om arbeids- eller studiestatus er med. 

  • Muritunet, Grandegata 58, 6210 Valldal
  • Tlf.:  70 25 83 00,  Inntakskontoret direkte, 70 25 84 00

Eigenandel
Stortinget fastset årleg i samband med statsbudsjettet eigenbetaling ved opphald på private rehabiliteringsinstitusjonar. Eigenandelen for 2018 er kr. 140,- pr. døgn, for personar som er innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF. Dersom du har med vedtak på godkjent yrkesskade, betaler du ikkje eigenandel. Opphald ved Muritunet går inn under Eigenandelstak 2 ordninga, dvs. at når ein kjem over frikortbeløp tak II, kr. 2025,- så får ein fritak for kostnadar som overstig dette.


Celsius