Korleis søke?

Søknad om rehabiliteringsopphald generelt

Muritunet er regulert etter lov om spesialisthelseteneste og arbeider etter avtale med Helse Midt Norge og NAV.

Innsøking til Muritunet er definert ut i frå avtalane våre.

  1. Søknadar frå fastlege og avtalespesialistar skal via Regionalt henvisningsmottak Helse Midt-Norge RHF *
  2. Søknadar frå sjukehusavdelingar sendast direkte til Muritunet.*
  3. Avrop frå NAV sendast direkte til Muritunet.

Lenke til Regionalt Henvisningsmottak (ReHr) : https://hnt.no/helsefaglig/tjenester/rehr

Her finn du:


Adresse ved postsending

ReHR-Henvisningsmottak Midt-Norge,

Sykehuset Levanger,

Kirkegata 2, 7600 Levanger


Telefon ReHR: 800 300 61

*)Henvisninger frå fastlegar og avtalespesialistar til spesialisert rehabilitering

Alle henvisninger frå fastleger og avtalespesialistar for innbyggarar busett i Midt-Norge til private rehabiliteringsinstitusjonar sendast til eit felles henvisningsmottak, ReHR.

Dette gjeld sjølv om ønska rehabiliteringsinstitusjon ligg i ein annan helseregion.
Send henvisning elektronisk på same måte som når ein opprettar og sender ei elektronisk henvisning til andre tenester ved helseføretaket.

Sendast til ReHR: Søk på NHN adresseregister, benytt frisøk, eller finn ReHR som en tjeneste publisert under Helse Nord-Trøndelag HF, sykehuset Levanger.


*)Henvisninger frå helseforetaket

•Frå sjukehusavdelingar på St.Olavs og Helse Møre og Romsdal skal henvisning gå direkte til institusjonen.(Epikrisen fungerer som henvisning).
•Frå sjukehusavdelingar i Helse Nord Trøndelag skal det gå melding til ReHR – som så formidler til ønska institusjon.
•Frå poliklinikker i helseforetaket skal henvisning gå til ReHR for rettighetsvurdering, dersom pasienten ikkje er i eit forløp der rehabilitering kjem som eit naturleg følge.

Poliklinisk notat vert nytta og sendast elektronisk til postkassa «Henvisninger og søknader ReHR».

NB! Frå andre helsregionar, sender ein søknaden til eigen region sitt henvisningsmottak.

Inntaksteamet møtast 2 gong pr. veke/tysdagar.

Det vert gjort skriftleg tilbakemelding på alle søknadar.

Lenke til : Ventelistetider for rehabilitering i Helse Midt-Norge


Eigenandel

Stortinget fastset årleg i samband med statsbudsjettet

eigenbetaling ved opphald på private rehabiliteringsinstitusjonar.

Eigenandelen for 2017 er kr. 138,- pr. døgn for personar som er innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF.

Dersom du har med vedtak på godkjent yrkesskade,betalar du ikkje eigenandel.

Opphald ved Muritunet går inn under Eigenandelstak 2 ordninga,

dvs. at når ein kjem over frikortbeløp tak II, kr. 1990,-

så får ein fritak for kostnadar som overstig dette.

(Sats frå 1.1.2017)

Personar som er innsøkt via NAV har ingen eigenandel.

Celsius