TSR - Tverrfagleg, spesialisert rehabilitering

Den som er blitt svekka av sjukdom eller andre plager, må sjølv gjere ein innsats for å finne tilbake til dei gode kvardagane og det gode livet. Dette gjeld anten du skal tilbake til eit normalt liv, eller om du må skape eit nytt liv ut i frå nye føresetnader. Dette er meir enn kvardagsrehabilitering.

Gjennom meir enn 20 år har vi på Muritunet lært at det å komme tilbake handlar ikkje berre om fysisk trening, men vel så viktig er mentale endringsprosessar. Vi gjennomfører difor vår 7-trinns rehabiliteringsprosess gjennom eit tett samarbeid i 3 tverrfaglege team. Dette er i samsvar med Helsedirektoratet sine retningslinjer for rehabilitering: https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/rehabi...

Avdelinga "Medisinsk service" er leia av sjukepleiarar med 24 t aktiv vakt. I tillegg er det rehabmedarbeidarar og helsesekretærar i denne avdelinga.



Celsius