Avslutta prosjekt

 
  1. "Arbeidsretta rehabilitering for personar med fedme grad I, II og III(2015-2017) Prosjektet har fokus på å gripe tak i primærårsaka til fråvær fråarbeidslivet, fedme, og bidra til auka arbeidsdeltaking. Dette gjennom ny organisering av intervensjon der døgnopphald vert kombinert med, telefonoppfølging, forelesing via Skype og dagpoliklinisk oppfølging på Muritunet.
  2. "God Mat-2016". Prosjekt i kjøkkenet sin eigen regi for leit etter ev. forbetringsområder.
  3. "Arbeidsretta rehabilitering for overvektige, ARRO (2010 - 2014). Metodeutviklingsprosjekt i regi av Arbeids og inkluderingsdepartementet innan Arbeidsretta rehabilitering for personar som på grunn av si overvekt har problem med å behalde eller skaffe ordinært arbeid. Finansiert via Forsøksmidler Arbeid og Velferd (FARVE).
  4. "På sporet" (2012-2013). Eit metodeutviklingsprosjekt som har til hensikt å generere ny kunnskap og kunne bidra til ei smidig gjennomføring av St.m. nr. 47- Samhandlingsreforma innafor feltet somatisk rehabilitering. Fokus er behadnlingstilbod og samhandling mellom kommunar, helseføretak og Muritunet. Finansiert via tilskot frå Helsedirektoratet.
  5. "Aktiv betring av livskvalitet 1-3" (2009-2012). Utviklingsprosjekt der hensikta er å videreutvikle samhandling, metode, testing og evalueringsverktøy av tilbodet institusjonen har innan arbeidsretta rehabilitering, lungerehabilitering og rehabilitering innan revmatologi.
  6. "Vegen om Muritunet" (2001-2005). Yngre ut av institusjon og inn i eigen bustad. Eit regionalt bu - og rehabiliteringstilbod, der formålet er å hjelpe unge fysisk funksjonshemma som bur mot si vilje på institusjon eller som står i fare for å kome dit, til eit meir sjølvstendig og verdig liv i eigen bustad(I-23/2001). Fullfinansiert prosjekt i regi av Sosial- og helsedepartementet.
  7. "Livsgnist" (2001-2004). Utvikling av smertemeistringskurs i samarbeid med Bakke, Senter for Meistring og Rehabilitering og Vikersund Kurbad. Hensikta med tilbodet er å utvikle tverrfaglege metodar for at personar med kronisk samansette plagar får moglegheit til å bli oppmerksom på mønster i eige liv som kan fremje eller hemme meistring av aktivitet i kvardagen.
  8. "Murigo" (2003-2005). Evaluering av rehabilitering. Eit samarbeid mellom Muritunet, Ringen og Godthaab rehabiliteringssenter. 378 pasientar vart inkludert ved ankomst, 342 ved utskriving,og etter 6 mnd heime vart 325 pasientar besøkt og intervjua. 
  9. "Solglytt" (1999-2002). Utviklingsprosjekt med hensikt på å planlegge, gjennomføre og evaluere ein modell for meistringskursfor yngre deprimerte med fokus på aktivitetar i friluft. Finansiert gjennom Rådet for Psykisk Helse/Extrastiftelsen.
Celsius