Målgrupper

Det faglege tilbodet ved institusjonen er regulert gjennom ytelsesavtale med Helse Midt-Norge RHF og NAV. Avtalane er tilpassa oppdragsgivar sine behov, etter Lov om spesialisthelseteneste og anna relevant helselovgiving.

Muritunet gir i dag tilbod for desse målgruppene:
  • Sjukleg overvekt (Vaksne 18-60 år, ungdom 13-17 år)
  • Lymfødem
  • Lungesjukdomar/KOLS
  • Muskel-skjelettsjukdomar
  • Kreftrehabilitering/rehab etter blautdelskirurgi
  • Kognitiv terapi og fys.aktivitet mot langvarig smerteproblematikk
  • Arbeidsretta rehabilitering for personar med kroppsmasseindeks over 30 (Raskare tilbake).
  • Arbeidsretta rehabilitering, døgn (NAV).

Inntaksteamet baserer sine avgjerder på nemde avtale, lov om pasientrettigheiter og prioriteringsforskrifta. Pasientar som fell utanfor målgruppene, eller som strengt tatt ikkje treng breiare tverrfagleg rehabilitering, kan bli prioritert ved ledig kapasitet.

Helsefagleg personell er organisert inn i tverrfaglege rehabiliteringsteam og i sjukepleieavdeling med døgndrift. Tverrfaglege team består av lege, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar, arbeidskonsulent, idrettspedagog, sosionom, psykolog, dietist og bachelor ernæring,

Årskalender for alle behandlingar

Celsius