” Ingen kan gå tilbake og starte en ny begynnelse, men alle kan starte i dag og lage en ny slutt .” (Maria Robinson)

Kreft

Målgruppe 1

Pasientar som har gjennomgått operative inngrep for kreft eller anna blautdelskirurgi. Pasienten må vere medisinsk stabil og ha ein Barthel Index > 40.

Last opp infoside her.

Målgruppe 2

Tilbodet er spesielt retta mot deg som opplever fatigue (vedvarande trøttheit) etter gjennomgått kreftbehandling. Det er inga avgrensing i forhold til type kreftdiagnose.

Last opp infoside her.

Organisering - målgruppe 1

Tilbodet er døgnbasert og individuelt tilpassa. Lengda på opphaldet vil i utgangspunktet vere 14 dagar, men kan variere ut frå behov og ønsker. Deltakarane blir følgt opp av eit tverrfagleg team samansett av lege, sjukepleiar,kreftsjukepleiar, fysioterapeut, ernæringsfysiolog , ergoterapeut og idrettspedagog.

Mål

  • Legge til rette for tilhelingsprosessen
  • Auke livskvalitet og eigenmeistring på vegen tilbake til kvardagen
  • Betre funksjonsnivå og fysisk kapasitet
  • Skape tryggleik med fokus på eigne ressursar
  • Ei tverrfagleg vurdering gjev grunnlag for eit individuelt tilpassa rehabiliteringsopplegg .

Planen blir etablert saman med tildelt primærkontakt.

Organisering - målgruppe 2

Lengda på opphaldet er i utgangpunktet 3 veker, men vil blir tilpassa ut frå behov og ønske. Deltakarane blir her følgt opp av eit tverrfagleg team som består av fysioterapeut, ernæringsfysiolog, ergoterapeut, sjukepleiar, idrettspedagog , arbeidskonsulent og lege.

Mål

• Auka energinivå og fysisk kapasitet
• Lære å leve med endringar som følgje av kreft
• Auka livskvalitet og eigenmeistring
• Betre og bevare funksjonsnivå - fysisk, psykisk og sosialt
• Tileigne seg positive meistringsstrategiar for å oppretthalde/oppnå ein aktiv kvardag

Søknad

Legar ved sjukehusavdelingar søkjer direkte til Muritunet via inntakskontoret.
Fastlege eller legespesialist kan søkje på standardisert søknadsskjema via ReHR-Henvisningsmottak Midt-Norge, Sykehuset Levanger, Kirkegata 2, 7600 Levanger

Kontaktpersonar

Ved ønske om ytterlegare informasjon
vedrørande opphaldet kan ein kontakte
  • Målgruppe 1: avdelingsleiar Anne-Lise Nærø tlf 70 25 83 80
  • Målgruppe 2: teamleiar 3, Sissel Skudal tlf. 70 25 83 93
  • Inntakskontoret tlf 70 25 84 00.
Celsius