"En del av helsen,er viljen til å bli frisk" (Ordtak)

Lymfeødem

Muritunet tilbyr komplett fysikalsk lymfødembehandling for personar med sekundære lymfødem.

Målgruppe

Dei sekundære lymfeødem er forårsaka av ein eller annan sjukdom, tilstand eller kirurgisk inngrep på lymfeknutar eller lymfeårar.

Det ser ein hyppigast ved operasjon for kreft, særlig brystkreft og livmorhalskreft.

Strålebehandling, som ein del av kreftbehandlinga, skadar også lymfesystemet. Det er mange andre årsakar til sekundært lymfødem; andre kreftformer, kirurgiske inngrep i lyske eller armhole, betennelse i lymfeknutar, og visse tropiske sjukdomar (filariasis).

Behandling

Dette omfattar manuell lymfedrenasje, kompresjonsbehandling (bandasjering/ strømpetilpasning), samt øvingar.

Søknad

Kommuneleger/fastleger og leger ved sjukehusavdelinger kan søke(lenke til søknadskjema)

ev. ved spørsmål ta kontakt med inntakskontoret tlf. 70 25 84 00

Celsius