"Når du opplever nederlag og mister fotfestet har du sjansen til å kjenne varmen fra dine medmennesker, om du ikke gjemmer deg i ditt nederlag!" (Tove Houck)

Muskel- og skjelettplager

Individuelt rehabiliteringstilbod til personar med muskel-skjelett sjukdomar. Gjennom individuelt tilpassa trening ynskjer vi å legge til rette for positiv aktivitetserfaring og stimulere til ein aktiv kvardag. Vi har fokus på å legge til rette for auka innsikt i eige sjukdomsbilde og moglegheit til symptomdemping.

Målgruppe

Personar med muskel-/skjelett lidingar som rygg-/nakkeplager og polyartroser.

Organisering av tilbodet

Du blir følgd opp av eit tverrfagleg team som består av fysioterapeut, sjukepleiar, ergoterapeut, idrettspedagog og lege. Tilbodet er døgnbasert og varer i 2-3 veker.

Læring og gruppesamtalar

Tilbodet inneheld undervising og veiledning med fokus på individuelle læringsprosessar.

Sentrale tema

  • Energiøkonomisering
  • Smertefysiologi
  • Motivasjon og meistring
  • Kognitiv terapi
  • Sunt kosthald
  • Bevegelse og helse

Bevisstgjering av eige aktivitetsnivå og tankemønster kan bidra til betring av funksjonsnivå og auka livskvalitet.

Aktivitetar

  • Bevisstgjering av eige rørslemønster
  • Auke kroppsbevisstheit
  • Individuelt tilpassa trening
  • Bassengtrening
  • Gymsalaktivitet
  • Stavgang
  • Friluftstur
  • Avspenning

Søknad

Kommuneleger/fastleger og leger ved sjukehusavdelinger kan søke (lenke til søknadskjema)

Ved ev. spørsmål ta kontakt med inntakskontoret tlf. 70 25 84 00

Celsius