"Alt er mulig. Det umulige tek berre litt lenger tid" (Ordtak)

NAV-Arbeidsretta rehabilitering

Målgruppe

Tilbodet gjeld for personar som er sjukemeldte og/ eller har fått si arbeidsevne nedsett slik at vedkomande hindrast i å behalde eller skaffe inntektsgivande arbeid.

Eksklusjonskriterier

Personar med rusmiddelmisbruk og/ eller alvorleg psykisk sjukdom vil ikkje vere aktuelle for tiltaket.

Aktuell informasjon for opplasting

Infoside NAV - arbeidsretta rehabilitering

Hovedbrosjyre Muritunet

Målsetting

Tilbodet vil gjennom arbeidsretta tiltak bidra til at deltakaren meistrar dei helserelaterte utfordringane som er til hinder for deltaking i arbeidslivet og gjennom dette styrkje den enkelte si arbeidsevne. Tilbodet er gruppebasert, men har individuell tilnærming.

Målsetting ved deltaking:

Deltakarar med arbeidsforhold

Minimum 60% av deltakarane skal gjennom arbeidsretta tiltak redusere sjukemeldingsgraden til minst halvparten av det den var ved ankomst.

Deltakarar utan arbeidsforhold

Minimum 60% av deltakarane skal innan 8 veker etter avslutta tiltak anten vere friskmeldt til NAV og registret som arbeidssøkjar, eller vere i arbeid eller arbeidsretta aktivitet i ordinært arbeidsliv i samsvar med NAV.

Funksjonsfremjande aktivitet

Styrke deltakaren fysisk, psykisk og sosialt slik at vedkommande kan meistre helsemessige utfordringar og auke deltaking i arbeidslivet.

Verdibasert livsstilsendring

Skal bidra til at deltakarane blir meir bevisst eigne ressursar og verdiar, anten endre eller halde fast i valte handlingar når dette er i tråd med valte verdiar.

Organisering

Døgnbasert opphald på Muritunet i 4 veker. Inntak kvar månad. Opphaldet kan forlengast i inntil 4 veker pluss inntil ytterlegare 4 veker. Arbeidsretta rehabilitering kan totalt vare inntil12 veker. Oppfølging via telefon 2, 4 og 8 veker etter avslutta opphald.

Deltakarane blir følgt opp av eit tverrfagleg team beståande av lege, psykolog, fysioterapeut, sjukepleiar, ergoterapeut, idrettspedagog, arbeidskonsulent og bachelor i ernæring.

Tilbodet bygg på teori, praksis og aktivitet innanfor områda arbeid, funksjonsfremjande aktivitet og verdibasert livsstilsendring. Arbeidstrening er ein del av tilbodet.

Arbeidstrening kan til dømes vere kontorarbeid, reinhald, vaskeri, aktivitetskafe, treningskjøkken, stall Bjørstad og pleie/omsorg

Eksterne aktørar

Samhandling med eksterne aktørar som til dømes arbeidsgjevar, NAV og andre vil vere ein naturleg del av oppfølginga. For dei med arbeidsgjevar skal det gjennomførast eit møte mellom deltakar, arbeidsgjevar og Muritunet i veke 1 og 4 av opphaldet, samt 4 veker etter opphaldet. Målet er å planlegge retur til arbeid.

For best mogleg utbytte av opphaldet ved Muritunet vert det forventa at ein sjølv er aktivt deltakande i eigen endringsprosess.

Søknad

Det er saksbehandlar ved NAV som sender avrop/ henvising direkte til Muritunet, inntakskontoret.

Kontaktpersonar

Ved ønskje om ytterlegare informasjon vedrørande opphaldet kan ein kontakte;

Teamleiar Sara Grønningsæter tlf. 70 25 83 63

evt. Inntakskontoret tlf. 70 25 84 00.

NAV - arbeidsretta rehabilitering

Ons. 04.01.17- 01.02.17

Arbeidsretta rehabilitering som tiltak gjennom NAV i Sør-og Nord-Trøndelag, Møre-og Romsdal, Oppland og Hedmark.

NAV - arbeidsretta rehabilitering

Ons. 01.02.17- 01.03.17

Arbeidsretta rehabilitering som tiltak gjennom NAV i Sør-og Nord-Trøndelag, Møre-og Romsdal, Oppland og Hedmark.

NAV - arbeidsretta rehabilitering

Ons. 01.03.17- 29.03.17

Arbeidsretta rehabilitering som tiltak gjennom NAV i Sør-og Nord-Trøndelag, Møre-og Romsdal, Oppland og Hedmark.

NAV - arbeidsretta rehabilitering

Ons. 29.03.17- 03.05.17

Arbeidsretta rehabilitering som tiltak gjennom NAV i Sør-og Nord-Trøndelag, Møre-og Romsdal, Oppland og Hedmark.

NAV - arbeidsretta rehabilitering

Ons. 03.05.17- 31.05.17

Arbeidsretta rehabilitering som tiltak gjennom NAV i Sør-og Nord-Trøndelag, Møre-og Romsdal, Oppland og Hedmark.

NAV - arbeidsretta rehabilitering

Ons. 31.05.17- 28.06.17

Arbeidsretta rehabilitering som tiltak gjennom NAV i Sør-og Nord-Trøndelag, Møre-og Romsdal, Oppland og Hedmark.

NAV - arbeidsretta rehabilitering

Ons. 02.08.17- 30.08.17

Arbeidsretta rehabilitering som tiltak gjennom NAV i Sør-og Nord-Trøndelag, Møre-og Romsdal, Oppland og Hedmark.

NAV - arbeidsretta rehabilitering

Ons. 30.08.17- 27.09.17

Arbeidsretta rehabilitering som tiltak gjennom NAV i Sør-og Nord-Trøndelag, Møre-og Romsdal, Oppland og Hedmark.

NAV - arbeidsretta rehabilitering

Ons. 27.09.17- 25.10.17

Arbeidsretta rehabilitering som tiltak gjennom NAV i Sør-og Nord-Trøndelag, Møre-og Romsdal, Oppland og Hedmark.

NAV - arbeidsretta rehabilitering

Ons. 25.10.17- 22.11.17

Arbeidsretta rehabilitering som tiltak gjennom NAV i Sør-og Nord-Trøndelag, Møre-og Romsdal, Oppland og Hedmark.

NAV - arbeidsretta rehabilitering

Ons. 22.11.17- 20.12.17

Arbeidsretta rehabilitering som tiltak gjennom NAV i Sør-og Nord-Trøndelag, Møre-og Romsdal, Oppland og Hedmark.

Celsius