"Eg merka våren i dag. Osane blenkte kring landet. Millom ljoslegga bjørker Var furua byrja å ande." (Olav H. Hauge)

Ortopedisk operert

Tilbodet gjeld i hovudsak kne-og hofteopererte etter avtale med HF Møre og Romsdal

Målgruppe

Ortopedi er i avtalen med Helseføretaket definert som sjukdom og feilfunksjon i støtte-og bevegelsesapparartet. Dette femner om eit vidt spekter av lidingar, men primært kne-og hoftekirurgi med tillegsproblematikk, sekundært annan ortopedisk problematikk dersom vi måtte ha ledig plass.Avtalen inkluderar også pasientar med inflammatoriske leddlidingar(kronisk polyartritt og lignande)

Søknad

Ring Inntakskontoret direkte tlf. 70 25 84 00

Ved ledig kapasitet kan Muritunet ta imot ortopedisk opererte frå andre sjukehus, også frå andre helseregionar dersom Helse Midt-Norge sitt behov er dekka.

Praktisk informasjon

(Meir informasjon for den som har fått plass.)

Celsius