"Eg er ung, eg har vilje, eg kan få det til - om eg først prøvar."

Sjukleg overvekt born/ungdom

Tilbodet til går over 5 veker fordelt på eitt år.

Målgruppe

  • Ungdom med overvekt som disponerer for fysiske og psykiske helseplager.
  • Aldersgruppe 13 - 18 år.

Last opp infoside her.

Føremål

Deltakarane skal oppnå ei varig livsstilsendring gjennom å lære meistringsstrategiar knytt opp mot endring av vaner, fysisk aktivitet og kosthald.
Målet er auka sosial og aktiv deltaking, reduksjon av følgjetilstandar grunna fedme, samt betre fysisk og psykisk helse.
Auka bevisstgjering til dei føresette og korleis dei kan bidra i livsstilsendringa til ungdomen.

Innhald

  • Tilpassa funksjonstrening.
  • Vekeplan med tidspunkt for ulike aktivitetar i gymsal, bassenget eller ute i naturen.
  • Informasjon og rettleiing til utvikling av konstruktive meistringsstrategiar.
  • Ved gruppeopphald blir det lagt til rette for likemannsarbeid.
  • Undervisning om kosthald, fysisk aktivitet og endringsprosessar
  • Erfaringsutveksling.
  • Dialoggruppe leia av vårt fagpersonale.

Deltakarane vil og bli følgt opp av fagpersonar ved Muritunet mellom opphalda,
samt av lokal helseteneste og Barne-og ungdomspoliklinikk ved Ålesund sjukehus eller St.Olavs hospital.

Søknad

Dette er eit tilbod for pasientar som har vore til utgreiing ved Barne-og ungdomspoliklinikken, Ålesund sjukehus eller St.Olavs hospital.

Avdelingane søkjer direkte til Muritunet.


Helseseminar i Valldal 21. oktober 2016

Vi takkar alle dei 135 deltakarane som deltok på seminaret!

Foredraga frå seminaret finn du her:

  1. Karianne Dahl; "Barn og ungdom på Muritunet"
  2. Bjørn Magne Jåtun; "Overvekt hos barn og ungdom"
  3. Ida Marie Kristoffersen-Rem; "Begledelse - bevegelse og glede ved Muritunet"
  4. Torstein Sverja; "Bekreftande kommunikasjon for å skape engasjement hos ungdom"
  5. Tove Drilen; "EMK-familie"
  6. Tove Drilen; "Kosthold ved barnefedme"
  7. Tove Drilen; "Om kostverktoyet.no"
  8. Anne Kristin Falling; "Bevisstgjering-kosthald-familie"

SO-Born/Ungdom

Ons. 02.08.17- 16.08.17

Hovedkurs for barn/ungdom mellom 12-18 år etter henvisning frå barneavd. ved Ålesund sjukehus

Celsius