”Jeg kan ikke tenke meg hvordan man kan vite hva lykke er, viss man ikke har kjent på smerten”. (Kari Bremnes)

Revmatologi

Muritunet har frå 1.1.2011 avtale med HMN om å gi tilbod til pasientar med revmatologiske lidingar.

Målgruppe

Personar med revmatisk sjukdom.

Last opp infoside her.

Organisering av tilbodet

  • Tilbodet er døgnbasert. Ein kan søkjast inn i revmatikergruppe over tre veker, eller som individuelt opphald på 3-4 veker.
  • Deltakar blir følgd opp av eit tverrfagleg team som består av fysioterapeut, iddrettspedagog, spesialergoterapeut, spesialsjukepleiar og lege.

Overordna mål

  • Auka kunnskap omkring eigen kropp, helse og trening
  • Positiv erfaring omkring aktivitet og meistring
  • Tilpassa trening for å auke/oppretthalde funksjonsnivå
  • Tileigne seg positive meistringsstrategiar for å oppretthalde/oppnå ein aktiv kvardag
  • Bidra til auke av meistringsevne, sjølvstende og deltaking fysisk, psykisk og sosialt.

Aktivitetar

  • Individuelt tilpassa trening og tøying
  • Bevissgjering bevegelsesmønster
  • Bevissgjering aktivitetsmønster
  • Varmtvassbasseng
  • Aktivitetar og avspenning i gymsal
  • Turar i friluft
  • Hest og helse ( frivillig)
  • Aktivitetskafe for kreativ fritid
  • Hyggekveld
  • Turar og bassengtrening på fritida


Lærings -og dialoggrupper med sentrale tema

  • Revmatiske sjukdomar
  • Treningslære
  • Smerte
  • Ergonomi
  • Energiøkonimisering
  • Kognitiv terapi
  • Kvardagsmeistring

Besøksdag for sambuar/ektefelle/andre

  • Innføring i tilbodet med undervisning og deltaking på ulike aktivitetar.

Søknad

Kommuneleger/fastleger og leger ved sjukehusavdelinger kan søke(lenke til søknadskjema)

ev. ved spørsmål ta kontakt med inntakskontoret tlf. 70 25 84 00.

Revmatologi

Ons. 20.09.17- 11.10.17

Gruppe for pasientar med revmatiske lidingar etter søknad frå Revmatologisk avd. ved sjukehus.

Celsius