Tilrettelagt for aktiv fritid

Uteanlegget
Ved sjøkanten har vi eiga brygge med 2 båtar. Den eine båten er tilrettelagt for inntil 3 rullestolbrukarar samtidig. Her finn du også turstien rundt nærområdet kalla "Betringens veg". Det er elles tilrettelagt områder for minigolf, kjempesjakk, kubb-spel, hesteskokasting, fiskebrygger og bading. Uteanlegget er også godkjent som helsesportanlegg.

Aktivitetskafeen
I 2. etg over matsalen ligg Aktivitetskafeen. Fritidsleiarane våre inviterer til aktive hyggestunder i dette området. Der er alltid dørene opne, og utstyr til aktivitetane står framme i opningstidene. Her vil ein finne aktivitetar som:

  • Datamaskiner
  • Silkemåling
  • Dekorering av lys
  • Bilde på lerret
  • Ull-arbeid / ull-bilete/ nålefilting/ toving
  • Måling på tre , lerret og stein
  • Smykkelaging
  • Strikking og hekling
  • Såpelaging
  • Decoupage aktivitetar
  • Scrapbooking
  • Beltelaging
  • El.orgel,piano,gitar og songbøker

I aktivitetskafeen kan ein elles kjøpe strikkegarn og du kan kjøpe eller låne strikkepinnar og heklekrokar. Her er symaskin til disposisjon. Ved aktivitetskafeen er der også kaffiautomat, fruktfat og automat med isvatn..

Aktivitetsveggen
Ein av veggane sentralt ved vaktrommet vert kalla «aktivitetsveggen». Her har vi sett opp ein reol med ulike vekeblad, aktualitetsblad og ymse spel som sjakk, kort, Geni, Solitaire osv. som ein kan låne til hygge saman med andre. Her kan du også låne syklar, hjelp/refleksvest og hodelykter. Kart for aktuelle turmål i nærområdet finn du også her.
Ordninga med aktivitetsveggen er basert på at den som låner blad eller ulike spel set dette tilbake etter bruk.

Fjordtrim, treningssenteret

Treningssenteret har eiga heimeside. Denne finn du her: www.fjordtrim.no



Celsius