Sunn og god mat som gjer deg godt!

Maten er ein viktig brikke på veg mot ein friskare og sterkare kropp. Sunn og god mat som gjer godt for deg er i fokus når vi tilbereder måltida og baker brøda på Muritunet.

Det vert servert 4 måltid pr dag i matsalen, og der er tilgang til minimat om du treng det. Maten vert lage med utgangspunkt i anbefalinger frå statens råd for kosthald og ernæring .Vi held oss til norsk tradisjonsmat, med innslag frå den store verden. I sesong nytter vi nærprodusert mat.

Frokost kl.07:30 - 09:30, i helg kl. 08:00 - 10:00
Lunsj kl.11:45 - 13:15, i helg kl. 12:00 - 13:30
Middag kl.15:30 - 17:00, i helg kl. 15:00 - 16:00
Kvelds kl.19:00 - 20:30, i helg kl. 18:30 - 20:00

Har du allergi/intoleranse eller treng tilrettelegging av kosten, får du det om det er attestert av lege. Vi held oss til tilretteleggingar som er dokumentert og forankra i staten sine anbefalingar.

Muritunet tilbyr individuelt tilpassa kost/diett når dette er medisinsk begrunna og attestert.Har du behov for tilpassa diett eller kostrettleiing , ønskjer vi at du gir oss beskjed om dette i god tid før ankomst.

Muritunet følgjer dei offentlege anbefalingane om sunt kosthald frå Statens råd for kosthald og ernæring.

Vi ønsker deg velkommen til bords på Muritunet!

Celsius