Hjerterehabilitering med døgnopphald i Valldal
_AFH3984.jpg

Hjerterehabilitering med døgnopphald i Valldal

 

Muritunet har starta opp att hjerterehabilitering etter ny avtale med Helse Midt-Norge. Tilbodet er døgnbasert i Valldal og går over 3 veker. Dette er ei gruppebasert, spesialisert rehabilitering med individuell tilrettelegging etter sjukehusopphald eller seinare i forløpet av ein hjertesjukdom. Eksempelvis pasientar med behov for rehabilitering etter hjerteinfarkt, hjertesvikt, stabil angina pectoris og ukompliserte operative inngrep. Det kan vere etter operasjon av stent, by-pass, pacemaker, hjerteklaffar eller hjertetransplantasjon. Fastlege eller avtalespesialist kan søke via ReHR Henvisningsmottak i Levanger. Spesialisthelsetenesta ved sjukehusavdelinger/-leger kan søke direkte til Muritunet.

Celsius