Utvidar tilbodet innan Arbeidsretta rehabilitering!
_AFH5112.jpg

Utvidar tilbodet innan Arbeidsretta rehabilitering!

 

Formålet med tilbodet er å bidra til meistring av helsetilstanden og styrke pasienten si arbeidsevne. Dette gjennom undervisning, fysisk aktivitet, rettleiing og individuelle samtalar. For mange er det mest hensiktsmessig å delta i dagbehandling. Pasienten kan då leve sitt liv som dei brukar, men møter på dagavdelinga til faste avtalar. Dvs. ein kan bu heime, gå i delvis jobb eller vere på skule. Pasienten skal vere ein aktiv deltakar i prosessen tilbake til jobb!

1. Dagrehabilitering.
Pasienten møter 2 og 3 gongar annankvar veke, 5 timar pr. dag. Varigheit inntil 6 veker individuelt tilpassa.

2. Poliklinisk tilbod.
Er i hovudsak basert på individuelle konsultasjonar der gruppeaktivitetar vil vere eit viktig supplement. Antal oppmøte pr. veke og lengd på oppfølging blir individuelt tilpassa.

Muritunet sitt tilbodet er retta mot alle diagnosar lista opp under ICPC-2 gruppa Muskel- og skjelettlidingar(L), og vanlege psykiske lidingar, med følgande diagnosar: P01 Følelse angst/nervøs/anspent, P02 Psykisk ubalanse situasjonsbetinga, P03 Depresjonsfølelse, P74 Angstliding, P76 Depressiv liding og P78 Nevrasteni. Tilbodet gjeld og pasientar med allmenne og uspesifiserte symptom og plagar jf. bokstav A i ICPC-2 og andre plagsame somatiske symptom der psykologiske og sosiale mekanismar synes å være sentrale i å oppretthalde lidinga.
Aldersgruppe: 18-67 år.

Dagavdelinga er lokalisert i Moaveien 11, i same bygg som Moa kino og svømmehall.
Søknad: Fastlege/behandlande lege sender søknad direkte til Muritunet, Grandegata 58, 6210 Valldal. Ved spørsmål kontakt Inntakskontoret tlf. 70 25 84 00

Celsius