Overnatting og eigenbetaling

Pårørande er ein viktig ressurs i rehabiliteringsforløpet for sine nære. Det kan vere som kunnskapskjelde, ein representant eller som omsorgsperson.

Difor har pårørande høve til å vere på Muritunet under delar eller heile opphaldet. Du vil då måtte dele rom med pasienten.

Grunna romkapasiteten er det avgrensa kor mange som kan bu på rommet samstundes.

Ta alltid kontakt med resepsjonen om det er aktuelt med overnatting.

I tilbodet vi har til born og unge mellom 13-17 år, så er det eit krav at føresette må vere med under opphaldet. I desse tilfella tilbyr vi born og føresette separate rom.

Pris

Som pårørande betalar ein for helg, kr 550,- pr døgn pr. person inkludert måltid.
Dersom ein ønskjer å vere med under heile opphaldet er prisen kr 295,- pr døgn.
NB! Føresette som er med born/ungdom på livsstilskurs betalar ikkje eigenandel.


Celsius