Idear til timeplanen

 

Uteanlegget
Ved sjøkanten har vi eiga brygge med 2 båtar. Den eine båten er tilrettelagt for inntil 3 rullestolbrukarar samtidig. Den minste båten, samt fiskeutstyr kan lånast.  Her finn du også turstien rundt nærområdet kalla "Betringens veg". Det er tilrettelagt områder for minigolf, kjempesjakk, kubb-spel, hesteskokasting, fiskebrygger og bading. Uteanlegget er også godkjent som helsesportanlegg.

Aktivitetsrommet
Er plassert i  2. etg over matsalen. Fritidsleiarane våre inviterer til aktive hyggestunder i dette området. Der er dørene alltid opne, og utstyr til aktivitetane står framme i opningstidene. Anna kan avtalast med fritidsleiarane. I aktivitetskafeen kan ein elles kjøpe strikkegarn og du kan kjøpe eller låne strikkepinnar og heklekrokar. Her er symaskin til disposisjon. Ved aktivitetskafeen er der også kaffiautomat, fruktfat og automat med isvatn.. Litt av tilbodet:

  • Datamaskin
  • Silkemåling
  • Dekorering av lys
  • Bilde på lerret
  • Ull-arbeid / ull-bilete/ nålefilting/ toving
  • Måling på tre , lerret og stein
  • Smykkelaging
  • Strikking og hekling
  • Såpelaging
  • Decoupage aktivitetar
  • Scrapbooking
  • Beltelaging
  • El.orgel,piano,gitar og songbøker

Aktivitetsveggen
Ein av veggane sentralt ved vaktrommet vert kalla «aktivitetsveggen». Her har vi sett opp ein reol med ulike vekeblad, aktualitetsblad og ymse spel som sjakk, kort, Geni, Solitaire osv. som ein kan låne til hygge saman med andre. Her kan du også låne syklar, hjelp/refleksvest og hodelykter. Kart for aktuelle turmål i nærområdet finn du også her.
Ordninga med aktivitetsveggen er basert på at den som låner blad eller ulike spel set dette tilbake etter bruk.

Treningssenteret Fjordtrim
Fjordtrim har eiga heimeside. Opplysningar om aktivitetane finn du her: www.fjordtrim.no

Bassenget
Dette kan brukast når ein er minimum 3 saman.  Denne regelen er ufråvikeleg av omsyn til sikkerheit!  Ein avtaler tider med vaktrommet og inviterer med andre på ei tavle ved symjehallen.




Celsius