For den som skal til Muritunet

 

Last ned vår hovedbrosjyre her.

Direktesending frå Muritunet; sjå veret akkurat no.

Alle rom har dusj og toalett. Det er telefon, breiband og TV på romma. I tillegg er det to felles TV-stover på senteret. Det er eigen vaskemaskin og tørketrommel til disposisjon. Trenings- og terapiavdelinga har trimrom, gymsal, varmtvassbasseng, boblebad, solarier og badstove. I aktivitetsrommet finn du PC, hobbyarbeid og ulike kurstilbod. Senteret har eige gjestenett.

Transport
Du må sjølv ordne med transport til og frå Muritunet. For oppdaterte bussruter sjå rutebok.no eller ring trafikanten tlf. 177. Køyrer du eigen bil, er det høve til å parkere her på Muritunet. Treng du drosje må du be fastlegen din rekvirere dette. Dersom du har spørsmål om dekning av reiseutgifter eller andre spørsmål ,kontakt pasientreiser, tlf. 05515.

Ankomst
Dersom det er praktisk mogleg ber vi deg kome mellom klokka 13.00 og 18.00. Ta kontakt i resepsjonen ved hovudinngangen dersom du kjem før 16.00. Ved ankomst etter kl. 16.00 kan du vende deg til vaktrommet i første etasje og dei vil hjelpe deg til rette. Kjem du før kl. 17.00 kan du få servert middag i matsalen.

Utstyr og klede
Ta med treningsklede og gode sko til bruk inne og ute ( ta omsyn til årstid) samt badeklede. Det kan óg vere nyttig å ha med vekkarklokke, hårfønar og dagstursekk. Handukar og sengetøy treng du ikkje ta med. Hugs eigne medisinar.

Permisjonar
Vi vonar du vil bruke tida å Muritunet best mogleg, og at du er aktivt deltakande i rehabiliteringsprosessen. Om du skal heim under opphaldet, gje beskjed om dette til resepsjonen eller vaktrom på førehand .

Sjukemelding
Du må sjølv ta opp spørsmål vedrørande ev. sjukemelding under opphaldet med fastlegen din.

Parfymefritt
Grunna mange pasientar med luftvegsplager, astma og allergi er det ikkje lov med bruk av parfyme.

Røykfritt
Frå 1.1. 2018 vert det innført røykefri "kjernetid" mellom kl. 09:00 - 15:00

Andre tilbod
Vi oppmodar deltakarane til å nytte høvet til å bruke nærmiljøet aktivt. Her er mellom anna oppmerka turløyper, syklar, båt og ein skistadion litt lenger fram i dalen. Det er mogleg å bestille seg time med massør aromaterapeut eller soneterapeut. Desse tenestene er ikkje inkludert i eigenbetalinga.

Eigenandel
Eigenandelen for opphald på Muritunet er kr. 140,- pr. døgn. Muritunet har betalingsterminal. Eigenandelstak 2 er kr. 2025,- i 2018.

Kontaktpersonar
Ved ønskje om ytterlegare informasjon vedrørande opphaldet kan ein kontakte resepsjonen tlf 70 25 83 00 eller inntakskontoret på tlf 70 25 84 00.

Celsius