"Den beste måten å forutsi fremtiden på er å skape den."
(Peter Drucker)

Ny dagavdeling på MOA

Muritunet vil frå 1.1.2018 etablere eit dagtilbod på MOA, i same bygg som Moa kino og svømmehall. Dette etter avtale med Helse Midt-Norge. Vi blir å finne i 1. etg ved Frisksenteret, med eigen inngang på sørsida av bygget.

Pasientane vert møtt av eit tverrfagleg team som består av 7 faggrupper; legespesialist i indre medisin og lungemedisin, psykologspesialist, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiarar, idrettspedagog, arbeidskonsulent og bachelor i ernæring. Fleire har vidareutdanning innan kognitiv terapi og motiverande intervju.  Overføring og samhandling med aktuelle aktørar vil vere sentralt.

Dagavdelinga skal gi tilbod til desse pasientgruppene:

LUNGE

Tilbodet vert gitt til vaksne pasientar med kronisk obstruktiv og/eller restriktive lungesjukdom inkludert KOLS, GOLD grad I – III i stabil fase og ASTMA. Kurset vil gå over 7-11 veker alt etter individuelt behov. Geografisk nedslagsfelt vil vere i og nær Ålesund kommune.

MUSKEL-OG BLAUTDELSSJUKDOMAR

Tilbodet vert gitt til vaksne med behov for tverrfagleg samansett rehabilitering. Det kan og vere aktuelt med kartleggings- og vurderingsopphald i samhandling med kommunene.

SJUKLEG OVERVEKT

Tilbodet vert gitt til vaksne (18-60 år) med komplekse, langvarige tilstander som etter utredning ved spesialavdeling har funnet å kunne nyttiggjere seg rehabilitering. Det vil vere eit gruppebasert dagtilbod med moglegheit for individuell tilrettelegging. Fordelt over tre år.

ARBEIDSRETTA REHABILITERING

(Nytt tilbod frå 1.1. 2018.  Meir info om dette i veke 50)

SØKNAD

Pasientane vert tilvist via primær- og/eller spesialisthelsetenesta.

Sjukehusavdeling kan henvise direkte til Muritunet.

Fastlege eller legespesialist kan søke på standardisert søknadsskjema via

ReHR-Henvisningsmottak Midt-Norge, Sykehuset Levanger, Kirkegata 2, 7600 Levanger.

Ved ønske om ytterlegare informasjon om tilbodet ta kontakt med Inntakskontoret ved Muritunet, tlf.: 70 25 84 00.

Celsius