”Jeg kan ikke tenke meg hvordan man kan vite hva lykke er, viss man ikke har kjent på smerten”.
(Kari Bremnes)

Hjarte

Frå 1.1. 2018 tilbyr Muritunet AS igjen hjerterehabilitering.

Tilbodet er gruppebasert med individuell tilrettelegging for vaksne pasientar direkte etter sjukehusopphald eller seinare i forløpet (Fase IIa og IIb). Primærhelsetjenesta kan òg bestille vurderingsopphald.  

Målgruppe

Pasientar med behov for rehabilitering etter hjerteinfarkt, hjertesvikt, stabil angina pectoris og ukompliserte operative inngrep.  Dette kan vere innsett stent, by-pass, pacemaker, klaffekirurgi eller hjertetransplantasjon.

Last opp infoside her.

Hovudmål

  • Å betre fysisk kapasitet i tråd med  eventuelle restriksjonar
  • Lære meistringsstrategiar for å oppretthalde/oppnå ein aktiv kvardag
  • Auke meistringsfølelse, sjølvstende og deltaking fysisk, psykisk og sosialt.
  • Fokus på å deltaking i arbeidslivet kor dette er aktuelt
  • Auke livskvalitet 

Organisering

Tilbodet er døgnbasert og går over 3 veker. Deltakarane får oppfølging av eit tverrfagleg team beståande av spesialist i indremedisin, fysioterapeut, sjukepleiar,bachelor i ernæring og idrettspedagog. Oppfølging frå arbeidskonsulent ved behov.

Søknad

Sjukehusavdeling kan søke direkte til Muritunet. Fastlege eller avtalespesialist kan søke på standardisert søknadsskjema via 

ReHR Henvisningsmottak Midt-Norge, Sykehuset Levanger, Kirkegata 2, 7600 Levanger

Last opp infoside for henvisande instans her.

Kontaktpersonar

Ved ønskje om ytterligare informasjon om tilbodet ta kontakt med:    

Inntakskontoret ved Muritunet, telefon 70 25 84 00.

Revmatologi

Ons. 20.09.17- 11.10.17

Gruppe for pasientar med revmatiske lidingar etter søknad frå Revmatologisk avd. ved sjukehus.

Celsius