"Den finaste dagen er den som lar vær å bestemme men løfte meg opp og gir fart. Då sveve eg høgt eg kan se og glømme og velge meg kvitt framfor svart." (Vamp)

Lunge/kols

Tilbodet vil i hovudsak vere gruppebasert, men vi kan også gi eit individuelt tilbod.
Medisinsk sett vil rehabiliteringsopphaldet bli leia av spesialist i lungesjukdomar.

Målgruppe

Tilbodet er retta mot deltakarar med kronisk obstruktiv- og/eller restriktiv lungesjukdom (KOLS/emfysem, lungefibrose, sarcoidose), men også pasientar med astma eller annan nedsett lungefunksjon kan vere aktuelle.

Last opp infoside her

Føremål

Lungerehabiliteringstilbodet har fokus på helse, livsstil og lungelidingar. TIlbodet har som mål at personar med lungesjukdom skal lære å leve betre med sjukdommen. Dette gjennom tilpassa trening, undervisning, læring av meistringsstrategiar og erfaringsutveksling.

Innhald

Sentrale element i opphaldet er treningsaktivitetar individuelt og i gruppe, røykekuttkurs, rettleiing og undervisning i tema som kan bidra til ein tryggare kvardag gjennom kjennskap til rett bruk av medisin, fysisk aktivitet og energiøkonomisering.
Lungerehabilitering er eit tverrfaglig behandlingstilbod for deg med kronisk obstruktiv- (KOLS/emfysem) og/eller restriktiv lungesjukdom (lungefibrose,sarcoidose).

Gjennom dette tilbodet ynskjer vi at du

  • får auka kunnskap om sjukdomen din, og korleis du kan meistre å leve med han.
  • får testa kapasiteten din, og utarbeidd eit individuelt treningsprogram.
  • skal kjenne deg tryggare i kvardagen gjennom kjennskap til rett bruk av medisin, fysisk aktivitet og energiøkonomisering.
  • skal klare å fokusere på dei positive sidene ved å redusere eller slutte å røyke.

Søknad

Kommuneleger/fastleger og leger ved sjukehusavdelinger kan søke.

Ved spørsmål ta kontakt med inntakskontoret tlf. 70 25 84 00

Lunge/KOLS

Ons. 18.01.17- 15.02.17

Pasientar med lungesjukdomar, i hovedsak KOLS henvist frå Lungeavd. ved sjukehus

Lunge/KOLS

Ons. 22.03.17- 19.04.17

Pasientar med lungesjukdomar, i hovedsak KOLS henvist frå Lungeavd. ved sjukehus

Lunge/KOLS

Ons. 03.05.17- 31.05.17

Pasientar med lungesjukdomar, i hovedsak KOLS henvist frå Lungeavd. ved sjukehus

Lunge/KOLS

Ons. 16.08.17- 13.09.17

Pasientar med lungesjukdomar, i hovedsak KOLS henvist frå Lungeavd. ved sjukehus

Lunge/KOLS

Ons. 27.09.17- 25.10.17

Pasientar med lungesjukdomar, i hovedsak KOLS henvist frå Lungeavd. ved sjukehus

Lunge/KOLS

Ons. 25.10.17- 22.11.17

Pasientar med lungesjukdomar, i hovedsak KOLS henvist frå Lungeavd. ved sjukehus

Celsius