Arbeidsretta rehabilitering - MOA

 

Både som dagopphald/poliklinikk på MOA, eller døgnopphald i Valldal.

MUSKEL -OG SKJELETTLIDINGAR

Tilbodet er og retta mot alle diagnosar lista opp under ICPC-2 gruppa Muskel- og skjelettlidingar, med allmenne og uspesifiserte symptom og plager jfr. bokstav A i ICPC-2 og andre plagsame somatiske symptom der psykologiske og sosiale mekanismar synes å være sentrale i å oppretthalde lidinga. Aldersgruppe: 18-67 år.

Formålet med tilbodet er å bidra til meistring av helsetilstanden og styrke pasienten si arbeidsevne. Fokus på samansette problemstillingar som er knytt til manglande arbeidsdeltaking, samt handtering av utfordringar/problem knytt til krav i arbeidslivet, sosiale relasjonar på jobb, manglande tru på eigne evner, manglande meistring og behov for samhandling mellom helsesektor, NAV og arbeidsgivar

PSYKISKE LIDINGAR
Tilbodet er retta mot følgande diagnosar: P01 Følelse angst/nervøs/anspent, P02 Psykisk ubalanse situasjonsbetinget, P03 Depresjonsfølelse, P74 Angstlidelse, P76 Depressiv lidelse og P78 Nevrasteni. Aldersgruppe: 18-67 år.  Tilbodet er og retta mot pasientar med allmenne og uspesifiserte symptom og plagar jf. bokstav A i ICPC-2 og andre plagsame somatiske symptom der psykologiske og sosiale mekanismar synes å være sentrale i å oppretthalde lidinga.

Formålet med tilbodet er å bidra til meistring av helsetilstanden og styrke pasienten si arbeidsevne. Fokus på samansette problemstillingar som er knytt til manglande arbeidsdeltaking, samt handtering av utfordringar/problem knytt til krav i arbeidslivet, sosiale relasjonar på jobb, manglande tru på eigne evner, manglande meistring og behov for samhandling mellom helsesektor, NAV og arbeidsgivar.

Eigenandel

Eigenandelen for dagopphald på Muritunet er kr. 150,- pr. dag. Muritunet har betalingsterminal. 

Eigenandel for poliklinisk konsultasjon er kr 375,- pr. konsultasjon.  Du betaler for maks. 2 eigenandelar i eit poliklinisk forløp.  

NB! Frikort-ordninga for helsetenester er forenkla fra 1. januar 2021. Dei to frikort-ordningane er blitt til ei ordning, med felles eigenandelstak kr. 2460,-for alle tenestene.

Søknad

Kommunelegar/fastlegar og legar ved sjukehusavdelingar kan søkje. 

Henvisning vert å sende direkte til Muritunet, og inntaksteamet tek ei rettigheitsvurdering av denne. Viktig at informasjon om arbeids- eller studiestatus er med.

Ved spørsmål ta ev. kontakt med inntakskontoret tlf. 70 25 84 00, eller teamlear dagavdelinga, Ester Vinje tlf. 480 35 502

Celsius