Lunge/KOLS - MOA

 

Tilbodet er retta mot
Vaksne pasientar med kronisk obstruktiv og/eller restriktive lungesjukdom inkludert KOLS, GOLD grad I – III i stabil fase og ASTMA. Kurset vil gå over 7-11 veker alt etter individuelt behov. Geografisk nedslagsfelt vil vere i og nær Ålesund kommune.


Last ned infoside for henvisande instans her.

Formålet med tilbodet
Auke kunnskap om lungesjukdom og betre livskvalitet gjennom bevisstgjering og meistring kring eigen lungesjukdom fysisk, psykisk og sosialt. Yrkesdeltaking vil stå sentralt der dette er aktuelt. Generelt ønskjer ein å førebyggje sjukehusinnlegging.

Eigenandel

Eigenandelen for dagopphald på Muritunet er kr. 150,- pr. dag. Muritunet har betalingsterminal. NB! Frikort-ordninga for helsetenester er forenkla fra 1. januar 2021. Dei to frikort-ordningane er blitt til ei ordning, med felles eigenandelstak kr. 2460,-for alle tenestene.

Søknad

Kommunelegar/fastlegar og legar ved sjukehusavdelingar kan søke.

Ved spørsmål ta kontakt med inntakskontoret tlf. 70 25 84 00

Røykeslutt telefonen: 800 400 85

Andre tips: Slutta.no

Celsius