Muskel/blautdelssmerter

 

Tilbodet er retta mot
-vaksne med behov for tverrfagleg samansett rehabilitering. Det kan og vere aktuelt med kartleggings- og vurderingsopphald i samhandling med kommunene. Pasientane vert tilvist via primær- og/eller spesialist helsetjenesta.

Last ned Infoark her.

Last ned infoark for henvisandse instans her.

Formålet med tilbodet
-vil vere å auke kunnskap, bevisstgjering og meistring kring eigen situasjon fysisk, psykisk, sosialt, i arbeid og utdanning. Pasientane skal bli kjent med korleis kognitive metodar kan brukast til å jobbe med eigen tankar, følelser og handlingar. Trening, bevisstgjering av eigne mønster i kvardagen, samt det å møte andre i liknende situasjon kan bidra til ein betre kvardag. Alle vil få moglegheita til å utforske eigne ressursar, mestringsstrategiar og grenser i trygge omgjevnader. Tilbakeføring til, eller oppretthalding av arbeid/utdanning der det er aktuelt.

Eigenandel

Eigenandelen for dagopphald på Muritunet er kr. 150,- pr. døgn. Muritunet har betalingsterminal. Beløpet går inn i Eigenandelstak 2, som er kr. 2176,- i 2020.

Søknad 
Kommunelegar/fastlegar og legar ved sjukehusavdelingar kan søke.

Ved spørsmål ta kontakt med inntakskontoret tlf. 70 25 84 00,

eller teamlear dagavdelinga, Ester Vinje tlf. 43 03 55 02

Celsius