Kartleggingsopphald

 

Muritunet tilbyr 1 vekes døgnbasert kartleggingsopphald for pasientar over 18 år med langvarige muskel- og blautdelssmerter. Pasienten følger ei gruppe på om lag fire personer.

Målsetjing
Kartlegge pasienten si helse, tidligare undersøkingar og behandling. Utforske ressursar og andre faktorar som påverkar pasienten si helse og arbeidsevne.
Kartlegge behandlingstilbod som finst lokalt, og vurdere om pasienten treng oppfølging i primærhelsetjeneste, eller spesialisthelsetjenesten som enten dagrehabilitering, døgnrehabilitering eller poliklinisk oppfølging. 

Innhald

  • Kartlegging ved lege, fysioterapeut og primærkontakt. Kartlegging av andre faggrupper ved behov, som for eksempel sjukepleiar, ergoterapeut, kognitiv terapeut, arbeidskonsulent, psykolog og ernæringsfysiolog. 
  • Opphaldet inneber deltaking i ulike fysiske aktivitetar og undervisning i gruppe. Det vil ikkje vere behandling i løpet av dette opphaldet. 
  • Det vil bli utarbeida ein rapport med anbefaling om vidare tiltak. Rapporten blir sendt til fastlege og eventuelt andre aktuelle aktørar ved samtykke frå pasient. 

Før opphald
Før opphaldet ønsker vi at du førebur deg. Du vil få informasjon og oppgåver tilsendt i posten. 

Varigheit
Ankomst onsdag og avreisedag onsdagen etter.

Søknad
Kommunelege/fastlege og lege ved sjukehusavdelingar kan søkje via: 
Helse Nord-Trøndelag HF
RVE - Regional vurderingsenhet

Postboks 333
7601 Levanger

Ved ev. spørsmål ta kontakt med RVE, tlf.: 80 03 00 61
mandag - fredag: 09:00-15:00

Kontaktpersonar
Ved ønske om ytterligere informasjon vedrørande opphaldet kan ein kontakte Teamleiar 2, Sara Grønningsæter, tlf 70 25 83 63. eller Inntakskontoret tlf 70 25 84 00.

Celsius