Bekkenleddsplager

 

Vi har heilt frå 2006 hatt gruppebasert rehabiliteringstilbod for kvinner med langvarige bekkenleddsplager. Tilbodet er utarbeidt i samband med fysioterapeut, Phd Britt Stuge, og er landsdekkande. Aktivitetstilbodet blir tilrettelagt for kvar enkelt deltakar.

Målgruppe
Kvinner med langvarige bekkenleddsplager.

Åpne infoside her.

Organisering

  • Tilbodet består av eit kurs på 4 veker
  • Kvinner med bekkenleddsplager kjem frå heile landet for å delta på gruppetibodet vårt.
  • Vi kjenner ikkje til andre liknande rehabiliteringsopphald i Norge.

Føremål hovudkurs

  • Fokuset under opphaldet er å lære grunnprinsipp rundt trening.
  • Vi ser på deltaking i kvardagens aktivitetar.
  • Bevisstgjering av bevegelsesmønster og betre funksjonsnivå.
  • Auka sjølvopplevd livskvalitet.

Overordna mål

  • Auka kunnskap, bevisstheit og funksjonsnivå.
  • Tileigne seg positive meistringsstrategiar for å oppretthalde/oppnå ein aktiv kvardag.
  • Bidra til auka meistringsevne, sjølvstende og deltaking fysisk, psykisk og sosialt.

Tiltak

  • Individuelt tilpassa trening og tøying
  • Bevissgjering bevegelsesmønster
  • Bevissgjering aktivitetsmønster
  • Varmtvassbasseng
  • Bevegelse og avspenning i gymsal
  • Turar i friluft

Lærings og dialoggrupper der sentrale tema er

  • Bekkenet sin anatomi og funksjon
  • Treningslære
  • Smerte
  • Ergonomi
  • Energiøkonimisering
  • Kognitiv terapi
  • Kvardagsmeistring

Søknad
Kommuneleger/fastleger og leger ved sjukehusavdelinger kan søkje til:

Helse Nord-Trøndelag HF
RVE-Regional vurderingsenhet
Postboks 333
7601 Levanger

Ved spørsmål ta kontakt med
Inntakskontoret tlf. 70 25 84 00, eller teamleiar 2, Sara Grønningsæter på tlf. 70 25 83 63

Bekkenleddsplager

Ons. 06.03.19- 03.04.19

Bekkenleddsplager

Ons. 28.08.19- 25.09.19
Celsius