Langvarige muskel- og blautdelssmerter
Muritunet har gjennom fleire år tilbudt rehabilitering av pasientar med kroniske smerter. Tilbodet er døgnbasert i Valldal eller dagbasert på Moa i Ålesund. Primærhelsetenesta kan òg bestille vurderingsopphald. Tilbodet vert gitt både individuelt og i gruppe med individuell oppfølging til vaksne med samansett rehabiliteringsbehov og som treng tverrfaglig tilnærming.
Formål
Tilbodet skal auke kunnskap, bevisstgjering og meistring kring eigen situasjon fysisk, psykisk og sosialt. Å bli kjend med korleis kognitive metodar påverkar tankar, følelsar og åtferd. Korleis trening, bevisstgjering av eige aktivitetsnivå og det å møte andre i same situasjon kan bidra til ein betre kvardag. Pasientane får teste eigen kapasitet, utforske ressursar og grenser i trygge omgjevnader. Fokus på tilbakeføring til eller å oppretthalde arbeid/utdanning der det er aktuelt.
Organisering
Tilbodet er døgnbasert og varer i 3 veker. Vår tilnærming er rehabilitering med kognitiv terapi.
Deltakarane blir fulgt opp av eit tverrfagleg team beståande av lege, kognitiv terapeut, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar, idrettspedagog og arbeidskonsulent.
Hovudmål
- Bevisstgjering av eigne tankemønster og korleis desse påverkar ein i kvardagen
- Auke funksjon og livskvalitet på tross av smerte
- Tileigne seg meistringsstrategiar for å oppretthalde/oppnå ein aktiv kvardag
- Erfare fysisk aktivitet som eit nyttig verkemiddel for bedre helse
- Personleg utvikling
- Auke av meistringsevne, sjølvstende og deltaking fysisk, psykisk og sosialt
Søknad
Kommuneleger/fastleger og leger ved sjukehusavdelinger kan søkje via:
Helse Nord-Trøndelag HF
RVE - Regional vurderingsenhet
Postboks 333
7601 Levanger
Ved ev. spørsmål ta kontakt med RVE, tlf.: 80 03 00 61
mandag - fredag: 09:00-15:00
Kontaktpersonar
Ved ønskje om ytterlegare informasjon vedrørande opphaldet kan ein kontakte Teamleiar 2, Sara Grønningsæter, tlf 70 25 83 63. eller Inntakskontoret tlf 70 25 84 00