Lunge/KOLS
Målgruppe
Tilbodet er gruppebasert med individuell tilrettelegging for vaksne pasientar med kronisk obstruktiv (inkludert astma) og restriktiv lungesjukdom, KOLS-grad I-IV. Vidare kan ein søkje inn pasientar med sequele etter sarcoidose, lungekreft, og bindevevssjukdommar. Ein ynskjer å førebygge innlegging i sjukehus for denne gruppa. Tilbodet er døgnbasert og går over 4 veker. Deltakarane får oppfølging av eit tverrfagleg team beståande av spesialist i indremedisin og lungesjukdomar, fysioterapeut, sjukepleiar, bachelor i ernæring og idrettspedagog. Oppfølging frå arbeidskonsulent ved behov.
- Lunge 1 – Hovudkurs: 4 veker på Muritunet. Enkelte kan kvalifisere til 3 dagar ambulant oppfølging etter heimreise.
- Lunge 2 – Re-opphald: inntil 4 veker på Muritunet.
- Lunge 3 – Akutt lunge-opphald: 2-4 veker på Muritunet 1-2 veker etter utskriving frå sjukehus.
Kontaktpersonar
Ved ønskje om ytterligare informasjon om tilbodet ta kontakt med:
Teamleiar Sissel Skudal, tlf. 70 25 83 93, eller
Inntakskontoret ved Muritunet, tlf. 70 25 84 00.
Helseseminaret, ons 18. sept 2019 - undervisninger i PDF for nedlasting:
- Lungetilbud Muritunet_2019.pdf (Sissel Skudal)
- Oksygen i Lungereabilitering.pdf (Finn Wammer)
- Ernæring ved KOLS.pdf (Åshild Storaas)
- LangtidsO2behandling.pdf (Sigmund Harald Blindheim)
- Trening og fysisk aktivitet.pdf (Bjørn Roger Andreassen)
- Energiøkonomisering.pdf (Tina Fuglem)
- Alt som piper er ikke astma.pdf (Erik Dyb-Liaaen)