Lymfeødem

 

Muritunet tilbyr komplett fysikalsk lymfeødembehandling for personar med både primær og sekundære lymfeødem.

Målgruppe

1. Pasientar med primær lymfødem  som del av eit kompleks sjukdomsbilete og med behov for spesialisert rehabilitering

2. Sekundære lymfeødem som er forårsaka av ein eller annan sjukdom, tilstand eller kirurgisk inngrep på lymfeknutar eller lymfeårar.  Eksempelvis etter operasjon for kreft, særlig brystkreft og livmorhalskreft.  Strålebehandling som ein del av kreftbehandlinga, kan også skade lymfesystemet. Det er elles mange andre årsakar til sekundært lymfødem; andre kreftformer, kirurgiske inngrep i lyske eller armhole, betennelse i lymfeknutar, og visse tropiske sjukdomar (filariasis).

Behandling
Dette omfattar manuell lymfedrenasje, kompresjonsbehandling (bandasjering/ strømpetilpasning), samt øvingar.

Søknad
Kommunelegar/fastlegar og legar ved sjukehusavdelingar kan søkje.

Ved spørsmål ta ev. kontakt med Inntakskontoret tlf. 70 25 84 00

Celsius