Muskel- og blautdelssmerter

 

Muritunet har gjennom fleire år tilbudt rehabilitering av pasientar med kroniske smerter. Tilbodet er døgnbasert i Valldal eller dagbasert på Moa i Ålesund. Primærhelsetenesta kan òg bestille vurderingsopphald. Tilbodet vert gitt både individuelt og i gruppe med individuell oppfølging til vaksne med samansett rehabiliteringsbehov og som treng tverrfaglig tilnærming.

Formålet med tilbodet
-vil vere å auke kunnskap, bevisstgjering og meistring kring eigen situasjon fysisk, psykisk og sosialt. Å bli kjend med korleis kognitive metodar påverkar tankar, følelsar og åtferd. Korleis trening, bevisstgjering av eige aktivitetsnivå og det å møte andre i same situasjon kan bidra til ein betre kvardag. Pasientane får teste eigen kapasitet, utforske ressursar og grenser i trygge omgjevnader. Fokus på tilbakeføring til eller å oppretthalde arbeid/utdanning der det er aktuelt

Last opp infoside her.

Organisering av tilbodet
Tilbodet er døgnbasert og varer i 3 veker. Vår tilnærming er rehabilitering med kognitiv terapi .

Deltakarane blir fulgt opp av eit tverrfagleg team beståande av lege, kognitiv terapeut, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar, idrettspedagog og arbeidskonsulent.

Hovudmål

  • Bevisstgjering av eigne tankemønster og korleis desse påverkar ein i kvardagen
  • Auke funksjon og livskvalitet på tross av smerte
  • Tileigne seg meistringsstrategiar for å oppretthalde/oppnå ein aktiv kvardag
  • Erfare fysisk aktivitet som eit nyttig verkemiddel for bedre helse
  • Personleg utvikling
  • Auke av meistringsevne, sjølvstende og deltaking fysisk, psykisk og sosialt

Søknad
Kommuneleger/fastleger og leger ved sjukehusavdelinger kan søkje via:

Helse Nord-Trøndelag HF
RVE-Regional vurderingsenhet
Postboks 333
7601 Levanger

Ved ev. spørsmål ta kontakt med RVE, tlf.: 80 03 00 61
mandag - fredag: 09:00-15:00

Kontaktpersonar
Ved ønskje om ytterlegare informasjon vedrørande opphaldet kan ein kontakte Teamleiar 3, Sissel Skudal, tlf 70 25 83 93. eller Inntakskontoret tlf 70 25 84 00

Celsius