Overspisingslidelse - Binge eating dissorder, BED

 

Det vert først gjennomført eit vurderingsopphald i 7 døgn. På dette opphaldet blir pasienten kartlagt for mellom anna overspisingslidelse og motivasjon for livsstilsendring. Dette kan kvalifisere til eit ordinært livsstilskurs eller eit livsstilskurs med fokus på overspisingslidelse. Kurset er organisert som hovudopphald i 3 veker og reopphald i 2 veker. Livsstilskurset vert avslutta med ein poliklinisk dag 6 mnd etter reopphaldet.

Målgruppe

Vaksne frå 18 og oppover med kroppsmasseindeks, KMI >/=40 eller KMI >/=35 med fedmerelaterte tilleggslidingar, med diagnosen overspisingslidelse. Pasienten må vere motivert og i stand til å samarbeide om eit langvarig behandlingsforløp.

  • Kurs overspisingslidelse (BED):  (Infoark kjem her)
  • Vurderingsopphaldet:  (Infoark kjem her)

Formålet med tilbodet

Deltakarane skal oppnå varig livsstilsendring gjennom meistringsstrategiar knytt opp mot endring av vaner. Målet er å slutte med overspising, redusere fare for fedmerelatert sjukdom, betre fysisk og psykisk helse samt auke sosial/arbeidsmessig deltaking.

Innhald

  • Variert fysisk aktivitet i grupper og eigentrening. Dette vert gjennomført i gymsal, på treningssenteret, i basseng og ute i naturen. 
  • Individuelle samtaler med psykolog og forskjellige faggrupper i teamet. 
  • Undervisning og samtalegrupper med sentrale tema som endringsarbeid, erfaringsutveksling, kosthald, praktisk matlaging, bevegelse og helse/treningslære.
  • Individuelle oppgåver/praktiske øvingar. 

Søknad
Overvektspoliklinikk ved sjukehusa sender søknad direkte til:
Muritunet, Grandegata 58, 6210 Valldal.
Eventuelle spørsmål kan rettast til Inntakskontoret på Muritunet, tlf 70 25 84 00, eller Teamleiar Karianne Dahl, 70 25 83 90, e-post: karianne.dahl@muritunet.no

Celsius