Sjukeleg overvekt - kartleggingsopphald
Målgruppe
Person med Body Mass Index BMI >/= 40 eller BMI >/= 35 og fedmerelaterte tilleggslidingar som til dømes hjerte og karsjukdom, muskel og skjelettplager, diabetes mellitus type 2, søvnapnoe, hypertensjon. Pasienten må vere motivert og i stand til å samarbeide om eit langvarig behandlingsforløp. Alder 18 - 65 år.
Organisering
Gruppebasert døgntilbod med indivduell kartlegging som varer i 7 dagar. Pasienten vert kartlagt av eit tverrfagleg team gjennom samtaler, spørreskjema og fysiske testar. Alle pasientane vert kartlagt for overspisinglidelse. Timeplanen inneheld også ulike undervisingar og fysiske aktivitetar. Teamet består av klinisk ernæringfysiolog, ernæringsrågjevar, fysioterapeut, idrettspedagog, sjukepleiar, lege og psykolog.
Hovudmål
Målet er å kartlegge kva som kan vere eit godt tilbod for pasienten vidare. Etter endt kartleggingsopphald kan det vere aktuelt med vidare livsstilsendringsgruppe ved Muritunet på døgn i Valldal eller dagtilbod på Moa, kommunalt tilbod eller andre tiltak.
Søknad
Fastlege henviser til overvektspoliklinikk på sjukehus som så henviser direkte til Muritunet. Spørsmål kan rettast til Inntakskontoret (70258400), eller Teamleiar Karianne Dahl (70258390)