Sjukeleg overvekt - vaksne
Det vert først gjennomført eit vurderingsopphald i 7 døgn. Dette kan ev. kvalifisere til livsstilskurset som går over 5 veker fordelt på eitt år. Organisert som hovudopphald i 3 veker, deretter oppfølgingsopphald i 2 veker. Tilslutt ein poliklinisk dag 6 mnd etter siste opphald.
Målgruppe
Vaksne frå 18 og oppover med Kropps Masse Indeks, KMI >/=40, eller KMI >/=35, og med fedmerelaterte tilleggslidingar som til dømes hjerte- og karsjukdom, muskel- og skjelettplager, diabetes mellitus type 2, pustevanskar eller hypertensjon. Pasienten må vere motivert og i stand til å samarbeide om eit langvarig behandlingsforløp.
Formålet med tilbodet
Deltakarane skal oppnå varig livsstilsendring gjennom meistringsstrategiar knytt opp mot endring av vaner. Målet er å redusere fare for fedmerelatert sjukdom, betre fysisk og psykisk helse og auke sosial/arbeidsmessig deltaking.
Innhald
- Variert fysisk aktivitet i grupper og som eigentrening. Dette vert gjennomført i gymsal, på treningssenteret, i basseng og ute i naturen.
- Undervisning og samtalegrupper med sentrale tema som endringsarbeid, erfaringsutveksling, kosthald, praktisk matlaging, bevegelse og helse/treningslære.
Søknad
Overvektspoliklinikk ved sjukehusa sender søknad direkte til:
Muritunet, Grandegata 58, 6210 Valldal.
Eventuelle spørsmål kan rettast til Inntakskontoret på Muritunet, tlf 70 25 84 00, eller Teamleiar Karianne Dahl, 70 25 83 90.