Generelt om søknad og henvisningsrutiner

 

Muritunet er regulert etter lov om spesialisthelseteneste, arbeider etter avtale med Helse Midt Norge, og har eige inntaksteam som møter 1-2 gonger pr. veke. Det vert gjort skriftleg tilbakemelding.

Henvisninger til RVE - Regional vurderingsenhet
Søknad frå fastlege eller avtalespesialistar for innbyggarar busett i Midt-Norge skal via RVE.  Dette gjeld sjølv om ønska rehabiliteringsinstitusjon ligg i ein annan helseregion. Send henvisning elektronisk på same måte som når ein opprettar og sender ei elektronisk henvisning til andre tenester ved helseføretaket. Søk på NHN adresseregister, benytt frisøk, eller finn RVE som en teneste publisert under Helse Nord-Trøndelag HF, sykehuset Levanger.

NB!  Søknad frå andre helseregionar, sender ein først til eigen region sitt henvisningsmottak

Søknad frå poliklinikkar i helseføretaket skal gå til RVE for rettigheitsvurdering dersom pasienten ikkje er i eit forløp der rehabilitering kjem som eit naturleg følge.

Poliklinisk notat vert nytta og sendast elektronisk til postkassa «Henvisninger og søknader RVE».

Postadresse:

Helse Nord-Trøndelag HF
Regional vurderingsenhet
Postboks 333
7601 Levanger

Henvisningar som kan sendast direkte til Muritunet:
Søknad frå sjukehusavdelingar i regionen; St. Olavs og Helse Møre og Romsdal sendast direkte til Muritunet. Søknad om poliklinikk, dag eller døgnopphald for Arbeidsretta rehabilitering, sendast også direkte til Muritunet.  Viktig at informasjon om arbeids- eller studiestatus er med

Postadresse: 

Muritunet
Grandegata 58
6210 Valldal

Eigenbetaling:

NB! Frikort-ordninga for helsetenester er forenkla fra 1. januar 2021. Dei to frikort-ordningane er blitt til ei ordning, med felles eigenandelstak kr. 2460,-for alle tenestene.

Eigenandel for poliklinisk konsultasjon er kr 375,- pr. konsultasjon.  Du betaler for maks. 2 eigenandelar i eit poliklinisk forløp.

Eigenandelen for dag-/døgnopphald på Muritunet er kr. 150,-

For meir informasjon:

Vårt sentralbord: 70 25 83 00, Inntakskontoret direkte: 70 25 84 00


Celsius