TSR - Tverrfagleg, spesialisert rehabilitering

 

Kva er det? Den som er blitt svekka av sjukdom eller andre plager, må sjølv gjere ein innsats for å finne tilbake til dei gode kvardagane og det gode livet. Dette gjeld anten du skal tilbake til eit normalt liv, eller om du må skape eit nytt liv utifrå nye føresetnader.
Dette er meir enn kvardagsrehabilitering.

Gjennom meir enn 25 år har vi på Muritunet lært at det å komme tilbake handlar ikkje berre om fysisk trening, men vel så viktig er mentale endringsprosessar. Vi gjennomfører difor vår 7-trinns rehabiliteringsprosess gjennom eit tett samarbeid i 4 tverrfaglege team. Dette er i samsvar med Helsedirektoratet sine retningslinjer for rehabilitering: https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/rehabi...

Avdelinga "Medisinsk service" er leia av sjukepleiarar med 24 t aktiv vakt. I tillegg er det rehabmedarbeidarar og helsesekretærar i denne avdelinga.



Celsius