Brudd og slitasje/ortopedi

Mål for opphaldet

Betra helsetilstand og auka eigenmeistring fysisk, psykisk og sosialt. Sentralt er auka mobilitet og funksjonsnivå, reduksjon av usikkerheit og opplevd smerte og tilrettelegging knytt til hjelpemiddel og behov i heimen. Tilbakeføring til utdanning eller arbeid er viktige mål der dette er aktuelt

Målgruppe Målgruppe

Målgruppe

Rehabilitering etter bruddbehandling og andre skadar i muskel- og skjelettsystemet, artrosar, hofte og kneproteser, komplisert osteoporose og bekkenløysing. 

Individuelt tilbod til pasientar som er ortopedisk, konservativt eller postoperativt behandla.

Søknad

Avdelingar i spesialisthelsetenesta søker direkte til Muritunet.

Frå poliklinikk skal henvisningar gå til regional vurderingsenhet HMN (RVE) for rettighetsvurdering, dersom pasienten ikkje er i eit forløp der rehabilitering kjem som ei naturlig følge. Bruk poliklinisk notat, velg sykehusenhet Levanger og send elektronisk til postkassen "Henvisninger og søknader RVE".

Fastlege og avtalespesialistar søker via regional vurderingseining HMN.

Henvis pasienten elektronisk på same måte som når ein opprettar og sender ei elektronisk henvisning til øvrige tenester. Henvisninga skal sendes til Regional vurderingsenhet HMN via Norsk helsenett.  Dersom ein ikkje kan nytte elektronisk henvisning, send då til:                          

Regional vurderingsenhet for rehabilitering
Helse Nord-Trøndelag HF
Postboks 333
7601 Levanger

Om fleire spørsmål, ta gjerne kontakt:

Kontakt
Kontakt
Spørsmål om rehabilitering etter ortopediske inngrep
ikon
Inntakskontoret, tlf. 70 25 84 00
ikon
Teamleiar 3, tlf. 41 86 54 58