Overspising- BED

Mål for opphaldet

Oppnå varig livsstilsendring gjennom meistringsstrategiar knytt opp mot endring av vaner. Slutte med overspising, redusere fare for fedmerelatert sjukdom, betre fysisk og psykisk helse samt auke sosial/arbeidsmessig deltaking.

Målgruppe Målgruppe
  • Tilbodet er for dei som allereie har vore gjennom eit kartleggingsopphald ved Muritunet og som har fått diagnosen overspisingslidelse. 
  • Kjenneteikn på overspisingslidelse er episodar med overspising utan den tilhøyrande kompenserande handling som er tilstades under bulemi. Pasienten mistar kontroll når ein et og klarar ikkje å stoppe før ein har ete langt meir enn kva andre ville ha gjort i same situasjon. Inntak av mat er i raskare tempo enn vanleg, et når ein ikkje er svolten eller et aleine. Inntaket stoppar ofte når ein først er ubehageleg mett. Etter episodane med stor inntak av mat kjem gjerne skam, ubehag og depressive tankar.
  • Pasienten må ha ei psykisk helse som gjer det mogleg å følge behandlingstilbodet både før, under og etter opphalda ved Muritunet. 
  • Viktig at pasienten prioriterer og set av tid til å jobbe med eigen prosessar.
  • Body Mass Index (BMI kg/m2) >/=40 eller BMI >/=35 med fedmerelaterte tilleggslidingar. 
  • F50.4 Overspisingslidelse. 


Søknad

Overvektspoliklinikk ved sjukehusa sender søknad direkte til:

Muritunet, 
Grandegata 58, 
6210 Valldal.

Om fleire spørsmål, ta gjerne kontakt:
Kontakt
Kontakt
ikon
Inntakskontoret ved Muritunet, tlf 70 25 84 00
ikon
Teamleiar 1, tlf 41 86 54 56