Inntakskontoret: 70 25 84 00
Å auke kunnskap om lungesjukdom. Teste fysisk kapasitet, og utarbeide individuelt tilpassa treningsprogram. Auka tryggleik i eigen kvardag gjennom kjennskap til rett bruk av medisin, fysisk aktivitet og bevisstgjering av aktivitetsmønster. Ha fokus på deltaking i arbeidslivet der det er aktuelt. Ha fokus på dei positive sidene ved å redusere eller slutte å røyke.
Lungepasienter med samansatte helseutfordringer. Det vil passe både for nyoppdaga lungesjukdom, og for dei som har levd med det i lengre tid.
Avdelingar i spesialisthelsetenesta søker direkte til Muritunet.
Frå poliklinikk skal henvisningar gå til regional vurderingsenhet HMN (RVE) for rettighetsvurdering. Benytt poliklinisk notat, velg sykehusenhet Levanger og send det elektronisk til postkassen "Henvisninger og søknader RVE".
Fastlege og avtalespesialistar søker via regional vurderingseining HMN. Henvis pasienten elektronisk på same måte som når ein opprettar og sender ei elektronisk henvisning til øvrige tenester. Henvisninga skal sendes til regional vurderingsenhet HMN via Norsk helsenett.
Dersom elektronisk henvisning ikkje kan nyttast, send henvisninga til:
Regional vurderingsenhet for rehabilitering
Helse Nord-Trøndelag HF
Postboks 333
7601 Levanger
Om fleire spørsmål, ta gjerne kontakt: